For å feira grunnlov, sjølvstende og demokrati, er det sjølvsagt viktig å ta masse bilde. Og vi er avhengige av deg for å vise fram kor flott feiring vi har her i Nordhordland og Gulen!

Så gje oss is, bunad og flagg! Vis oss latter og glede!

• Bruk #strilen

• send via Facebook

• send til desk@strilen.no (med «17. mai» i emnefeltet)

Vi i Strilen ønskjer alle ei riktig god 17. mai-feiring!

Bla heilt ned for å sjå bilde som ikkje er sendt inn via Instagram.

Frå Eikanger Foto: Privat
«Med solskin, norske flagg, og ein temperatur på godt over 20 grader, var det gode utsikter for ei flott feiring på Husebø», skriv Ingrid Schnelle Skjelanger. Foto: Ingrid Schnelle Skjelanger
Frå 17. mai-feiringa på Husebø. Foto: Ingrid Schnelle Skjelanger
«Tradisjon tru vart det også i år halde tale på Husebø. Nils Marton Aadland gav oss ei påminning om at demokratiet ikkje må takast for gitt. I år er det 205 år sidan den norske grunnlova vart til. Årets feiring vart også historisk.» Foto: Ingrid Schnelle Skjelanger
«Også i år byrja toget utanfor grendahuset Nordavinden. Med flaggberar fremst, tett etterfølgd av korpset, gjekk turen eit stykke innover i den vesle bygda Husebø. Trass i at dette var ein svært varm maidag, var det mange som var ute for å lufta bunadene sine.» Foto: Ingrid Schnelle Skjelanger
«17. mai feiring på skipet Seabed Worker - i sørlige Nordsjøen. Crewet er fra hele verden, men 17 mai er de alle norske og feirer deretter» skriver Elin Askvik. Foto: Elin Askvik
«Tok eit bilete på veg heim frå ein tur på Tveitavarden av Alversund i solnedgang 17. mai. Det var så utruleg vakre fargar» skriv Rønnaug. Foto: Rønnaug Kathrin Øren Johansen
Frå kransnedlegging på Manger. Jon Askeland heldt appell, Silje Nesse og Hans Magnus Ottesen la ned kransen. Foto: Linn Merethe Myrtveit
Frå kransnedlegging på Manger. Jon Askeland heldt appell, Silje Nesse og Hans Magnus Ottesen la ned kransen. Foto: Linn Merethe Myrtveit
Frå Hagellia i Knarvik på 17. mai Foto: Torunn Johannessen