I 2018 turnerer Kvelertak Europa med verdas største metalband, Metallica. Til sommaren spelar dei på Utkant.

– Det er stor stas at Kvelertak igjen legg turen innom oss, seier festivalsjef Viggo Randal, som sjølv er stor fan av bandet.

Tredje gong

Dette blir bandets tredje konsert på vesle Skjerjehamn. Første gong Kvelertak var på Utkant-plakaten var i 2011, som eit band på veg oppover.

– Sidan har dei verkeleg lagt verda for sine føter, heiter det i ei pressemelding frå Utkant-festivalen.

Kvelertak har fått fleire Spellemannprisar, og fanskaren veks i inn- og utland. Høgdepunktet i bandets karriere er nok Europa-delen av Metallica sin Worldwired-turné, men dei har tidlegare også spelt med store metalband som Slayer og Anthrax.

– Å turnera med Metallica er nok det største me kan vera med på, har vokalist Erlend Hjelvik tidlegare sagt til NRK.

– Husband

– Med sin tredje konsert hos oss kan me vel snart rekna dei som vårt husband. Ingen tvil om at dei trivest hjå oss, og det er jo kanskje ikkje så rart, me har trass alt det beste publikummet, seier Randal.

Kvelertak spelar på Utkant fredag 27. juli. Festivalen går frå torsdag 26. til laurdag 28. juli.

Darling West

Festivalsjefen har også et anna nytt namn til årets Utkant. Et band som vil gleda publikum som likar country, folk og americana, nemleg Darling West. Etter at dei ga ut albumet «Vinyl and A Heartache», som sikra dei både Spellemann og glitrande meldingar, har bandet nådd topplistene for country i USA.

– Her får du perfekt vokal og eit arrangement som spelar fletta av Nashville. Med sin vakre americana-inspirerte folk-country sound blir det garantert magisk i havgapet, seier Randal.

Fleire artistar

Artistlista for årets festival er på det meste klar. Torsdag 26. juli spelar Timbuktu, Kakkmaddafakka, Hjerteslag, Thea and The Wild og Halie. Fredag 27. juli spelar Kvelertak, Sløtface, Darling West, Dårlig Vane og Ogras. Laurdag 28. juli spelar Lars Vaular, Erlend Ropstad og Amanda Delara.

– I tillegg til dette har me framleis nokre fantastiske artistar som vert annonserte i løpet av våren, seier Viggo Randal.