Sjå alle bilda frå NM i brass i Grieghallen: Ser du nokon kjentsfolk?

NM i brass var ein fest frå ende til ende. Kjenner du nokon på bileta? Sveip deg gjennom kjensle, prestasjonar og glede. Her er vore beste blinkskot frå festhelga i Bergen.

Manger musikklag strålte på den store scena i Grieghallen fredag. Musikklaget kom til slutt på ein tredjeplass. Alle foto: Anders Totland.

Kai Lindal kom heilt frå København for å vere med i NM. - Manger-gjengen er heilt unik og me har det veldig kjekt i lag, seier siddisen som jobbar mot ein mastergrad i trompetspel.

Eikanger-Bjørsvik viste med presisjon og energi at dei var best i NM. Særleg pliktnummeret var av høg klasse.

Glade Manger-folk på scena laurdag. 98 poeng av 100 fekk musikklaget etter det sjølvvalde nummeret.

Gyda Matland var ikkje heilt nøgd etter laurdagen, men kunne puste letta ut.

Tina F. Toklum i EBML og resten av kornettistane etter ein fantastisk konsert laurdag.

DIngaan Chabalala er stolt over å ha vunne NM.

Stjernedirigenten Peter Szilvay for Manger musikklag.

Lene Therese Grindheim og Sondre Villanger oppdaga kvarandre under NM i brass for 17 år sidan. I dag brann dei kaloriar for Radøy brass i Grieghallen i 1. divisjon.

Eikanger-Bjørsvik-smil etter sigeren.

Han hadde ein draum om å vinne NM. – Me trur på siger. Elles kunne me gjort på noko anna. Som golf, sa leier i MML, Nils-Arne Træland, muntert til Strilen før meisterskapet.

Nick Walkley er fyrstekornettist for Manger musikklag.

Peter Szilvay.

Meir Manger.

Inger Marie og Ivar Nordland traff kvarandre på eit musikkstevne på Manger for ein mannsalder sidan. I dag vandrar dei frå konserthus til konserthus og høyrer på god musikk.

Oster har for vane å gjere det skarpt under NM. Her ser du ei blid og letta Benedicte M. Torsvik, leiar for Oster brass. Det enda med nedrykk for dei glade Oster-musikantane.

3000 musikantar deltok i NM.

Sølvi Ones og Tore Bryne Berg viste kjærleik under NM.

Ståande applaus i den store salen.

Trond Bjørnstad speler Bb-tuba i Oster, og trivst godt i lag med gjengen. - Akkurat no er eg fullstendig utmatta, så det skal bli godt med noko å drikke.

Kornettist Stanley Westh i EIkanger-Bjørsvik.

Sigeren er i boks.

Korpsleiar i Radøy brass, Lene Therese Grindheim.

Manger musikklag.

Bjørsvik brass tok ein flott fjerdeplass. Foto: John Vint/NMF

Bjørsvik brass. Foto: John Vint/NMF

God stemning før konkurransen.

Åshild Aagaard-Nilsen, i Radøy brass, blei fødd inn i eit korspmiljø. Ho er dotter av dirigenten, og har fleire familiemedlemmer som er medlem av eit korps.

Terping.

F.v: Sondre Villanger Håland, Lene Therese Grindheim, Åshild Aagaard-Nilsen og Marita Strandborg har nettopp gjort seg ferdige med NM-framføringa for Radøy brass. No er det tid for fest!

Glad musikant frå EIkanger-Bjørsvik.

Ja! Stefan Cooper frå California kunne sleppe jubelen laus.

Anne-Grethe Brevik Amland på scena.

Nestleiar i EBML, Viggo Bjørge, er letta over sigeren.

Resultatseremoni.

Jon Vegar Sole Sundal er dirigent for Haus musikklag, og speler kornett for EBML.

Stjernedirigenten til Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Reid Gilje.

  • Anders Totland
Denne artikkelen er over to år gammel

Les hele saken med abonnement