Årets julehistorie i Strilen: Livet med småbarn for 70 år sidan

Magnhild Haugen (89) har mimra tilbake til korleis det var for nesten 70 år sidan, då ho og mannen etablerte seg på Seim.

Huset var eit eldre gardshus. Me budde i nora stova, og hadde seng i søra stova. Gangen og kjøken var i eitt rom, med vedkomfyr på kjøkkenet. Me hadde med oss ei dobbel kokeplate som vart plassert oppå komfyren, når det ikkje var varme i den. Lars spurde utleigaren om han kunne få laga ein vegg ut mot gangen, og det fekk han ja til.

Det var ikkje noko varmt hus, so det var ikkje få sekker kol og koks som den små omnen som stod i nora stova måtte matast med. Vintersdagen var sola vekke i omlag 6 veker under Hellefjellet, so fleire vintrar tina ikkje isen av glasrutene!

I november 1957 fekk han Steinar - som no var vorten 4 år - ei lita søster, og då flytta me alle inn i nora stova, for å halda litt på varmen. Koksen brann både natt og dag!

...

...

...

Les hele saken med abonnement