For 33. gang skal Sparebanken Vest og Strilen, i samarbeid med Nordhordland næringslag, dele ut heidersprisen «Årets bedrift».
Kven fortener tittelen «Årets bedrift 2020» i Nordhordland og Gulen? Alle kan fremje forslag til kandidatar (innan 20. oktober).
Juryen har alt hatt det første møtet sitt, men sett bort frå ein datoplan og nokre reint arrangementstekniske notat har vi førebels blanke ark og teiknestiftar til.
– Verksemda har markert seg som ein av motorane i næringslivet
Prisen vert delt ut til ei verksemd som har utmerka seg spesielt, og er meint som ein inspirasjon for næringslivet i distriktet.
Korona-pandemien råkar ulikt, både når det gjeld personar og verksemder. Nokre merkar han knapt, andre slit kraftig.
Uansett er det umogleg å gjere eit seriøst arbeid i juryen utan å ha pandemien i augekroken. Difor er eit nytt punkt om covid-19 lagt til kriteria i år. Elles er kriteria som før.
Og også i år gjeld dette: Prisen skal vere noko å strekkje seg etter!
Juryen skal vurdere heilskapen i dei nominerte verksemdene, basert på desse kriteria:
Verksemda sin profil og omdøme, sal/marknadsføring, utvikling i økonomisk resultat, utvikling av produkt, kvalitetsstyring, HMS, skaping av nye arbeidsplassar, omstilling og nytenking, kompetanseutvikling og personal- og miljøtiltak.
I år vert det òg lagt vekt på: evne til å tilpasse seg covid-19-krisa.
I juryen sit Baste Tveito (dagleg leiar i Nordhordland næringslag), Olav Hovland (banksjef, Bergen og omland, Sparebanken Vest) og Eirik Langeland Fjeld (ansvarleg redaktør, Strilen).
Sjølve utdelinga av «Årets bedrift»-prisen vert ein gong i desember månad. Tid og stad vert gjort kjend seinare i haust. Vi følgjer korona-situasjonen nøye. Det som allereie er klart er at den no tradisjonelle gallaen «Nordhordland Awards» ikkje vert som dei føregåande åra.
Vinnaren får eit kunstverk av gullsmed Hilde Rønning Rongevær frå Meland.
Tidlegare vinnarar av «Årets bedrift» er:
2019: PSW Group AS
2017: Skipavika Næringspark AS
2016: Norwegian Weather Protection AS
2015: Nesfossen Smolt AS
2014: Fours AS (Kolos)
2013: Mongstad tavleteknikk AS
2012: Johny Birkeland Transport AS
2011: Uni Micro AS
2010: TESS Vest AS
2009: Firda Sjøfarmer AS
2008: Hillesvåg Ullvarefabrikk AS
2007: Radøygruppen AS
2006: Mongstad Test og Inspeksjon AS (MTI)
2005: Statoil Mongstad
2004: Walde byggevare
2003: Mongstadbase AS
2002: Møbelutsalget Bjarne Foss AS
2001: FrekhaugVinduet AS
2000: Kvalfangarane på Fedje
1999: Mongstad Elekro AS
1998: Fedje Mekaniske Verksted AS
1997: Hydrobase Mongstad
1996: Wergeland Holding AS
1995: Frekhaug Stål AS
1994: Modelldata AS
1993: Radøy Mek. Verksted AS
1992: H. Gulbrandsøy AS
1991: Frank Mohn Flatøy AS
1990: Fjord Instruments AS
1989: Manger Fiskemat AS
1988: Georg Eknes Industrier AS
1987: Erstad Trevarefabrikk AS
Lat nominasjonen til 2020-tittelen ta til!
Send kandidatar til eirik.langeland.fjeld@strilen.no allereie no (siste frist er 20. oktober).
Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør, Strilen