Duo med respekt for lokaldemokratiet?

«Kvifor melde dei to av partiet sitt seg ut akkurat no? Etter valet og før konstitueringa? All anna timing hadde vore meir ærleg; Anten før valet, eller etter at det nye kommunestyret var konstituert.», skriv gruppeleiarane frå Høgre, KrF, Frp og V i dette lesarbrevet.

Publisert:

Innbyggjarane har sagt sitt med utgangspunkt i partiprogram og kandidatar, og dei som har sagt seg villige til å påta seg eit formelt samfunnsengasjement skal gå i gang med eit arbeid til beste for utviklinga av lokalsamfunnet dei neste fire åra.

Dessverre har det i Alver kommune vore hendingar som har kasta alvorlege skuggar over dette denne gongen. Etter at veljarane har røysta på dei partia dei ville gje innverknad på det lokalpolitiske arbeidet, valde to medlemmer i Høgre si kommunestyregruppe å melda seg ut av partiet. Men enno meir alvorleg; Dei valde å gje si støtte til andre parti enn det partiet dei var valde inn for. Og dei hevdar at dei gjer det for å gje det partiet dei opphavleg vart vald inn for ein sterkare posisjon og større påverknad.

Ein må undra seg over korleis dette heng saman.

Les hele saken med abonnement