Svartelista sitkagran invaderer raudlista kystlynghei og naturbeitemark og kvelar naturmangfaldet. Truga og livsviktige artar forsvinn.

Frå pollinerande kysthumle og sjeldne sommarfuglar til hekkande makrellterne og vipe. Sau på utmarksbeite finn mindre mat. Turområde og utsiktspunkt gror att. Bustadhus som før hadde utsyn til naboen og havet og mykje sollys, blir mura inne i skugganes dal. I sitkaskogen er det fuktig og kaldt. Ein monokultur utan liv.

Attgroinga pregar ikkje berre naturmangfaldet, men like mykje oss austrheimingar mentalt. Vi trivst best i opne landskap.Og vil helst ikkje bu i ei brannbombe.

Slik har vi også forstått visjonen Austrheim kommune flaggar høgt og luftig. Mottoet er: «Opne landskap. Ope sinn». Ikkje alle kommunar kan skryta av å ha ein så konkret bodskap i visjonen sin. Han kan ikkje tolkast annleis enn at kommunen i tenkemåten og planlegginga si ønskjer å prioritera kampen mot attgroing, ikkje berre i forhold til landskap og naturmangfald, men òg i forhold til «ope sinn» og sjelebot.

Jan Nordø i Bygdelista i Austrheim. Arkivfoto: Ketil Tjore

Det høyrest bra ut. Og kommunen har gode føresetnader for å følgja opp mottoet. Sjølv om attgroinga har skote fart, er det framleis store område som ikkje er invadert av sitkagran og andre framandtreslag. Vi har aktive bønder, grunneigarar og bygdelag som ønskjer å verna om og restaurera kystlynghei og naturbeitemark. Vi har lokale skogsentrepenørar som ligg heilt i front med kompetanse og utstyr når det kjem til skogskjøtsel og uttak av skog. Ikkje minst er det etablert eit utmerka samarbeid mellom desse lokal aktørane og naturvernorganisasjonane, Fylkesmannen og Miljødirektoratet.

Gjennom betydelege tilskot er store delar av Lerøy reinska for sitkagran. Gamal naturbeitemark er restaurert. Det same skjer no i Øksnesmarka med rydding av sitkagran og førebuing til lyngbrenning. Det er rydda 2 km med branngater. Eit 230 daa stort område skal brennast av i ein mosaikk. I Rongevær har grunneigarane av eiga lomme rydda øya for sitkagran, og det er planar om sau. I det vakre friområdet på Børilden planlegg grunneigarane i samarbeid med Norsk Botanisk Foreining og Fylkesmannen å fjerna eit stort plantefelt med sitkagran.

Marita Bru i Bygdelista i Austrheim.

No må politikarane vakna og følgja opp. Ein vakker visjon duger ikkje utan konkrete strategiar og tiltak. Dei ligg klar til bruk i kommuneplanen sin samfunnsdel, vedteken av politikarane i 2015. Kampen mot attgroing må få drahjelp. Det er politikarane i Austrheim si fordømte plikt. Den første sjansen byd seg i kommunestyret på torsdag. Då vil Bygdelista i Austrheim fremja følgjande forslag:

«I samsvar med kommuneplanen sin samfunnsdel der det heiter at Austrheim kommune skal «utarbeida kommunal temaplan mot attgroing, med mål, strategiar og tiltak» vert dette planarbeidet starta snarast råd, anten som eigen temaplan eller som del av revisjon av landbruksplanen.»

Vi treng dessutan ein allianse mellom kommunen, bønder, grunneigarar, skogsentrepenørar, organisasjonane og Fylkesmannen for å gjera Austrheim til det opne draumeriket det fortener å vera. Ikkje berre for plantar og dyr. Men for austrheimingar flest.

Pøbelgrana står på dørstokken vår. Kommuneplanen forpliktar. Det gjer også naturmangfaldlova og utnemninga til UNESCO Biosfærekommune. Vi reknar difor med støtte til framlegget vårt. For vi trivst jo best i opne landskap. Gjer vi ikkje?

Marita Bru og Jan Nordø, Bygdelista i Austrheim