Fylkesordførar Jon Askeland skulle halda appell under markeringa for U864 søndag. Han blei derimot vêrfast, i likskap med fleire andre. Her er det han hadde tenkt å seia under markeringa:

I dag tidleg googla eg hev u864. Der stadfestar heile det politiske Norge i skiftande regjeringar og opposisjon på Stortinget det same: kvikksølvet ved Fedje skal opp snarast.

Likevel står me her i dag i kanskje større uvisse om Stortinget tek det rette valet og fjernar det som vil vera ei større gift om 200 år enn i dag, sidan kvikksølv i metallisk form då har heilt andre og særs giftige verknader enn ein mindre flytande lekkasje under hevinga. Dette går ikkje lenger, me må frå snakk til handling.

I dag veit me også meir om at havet vårt treng handling, plastureininga i havet er ei kjent miljøbombe. Me må ta mange grep for eit reinare hav, havet kan ikkje lenger vera eit bosdeponi.

Norge har forplikta seg til internasjonal avtale om å stoppa utsleppa av kvikksølv til Nordsjøen, Derfor er det uakseptabelt at 67 tonn kvikksølv vert liggjande på havbotnen.

For kvar dag og for kvart år som går rustar stålflaskene med kvikksølv litt meir. For kvar dag som går aukar derfor faren for at det lekker ut kvikksølv.

I Oslofjorden var det i mange år uro rundt lekkasje av olje frå vraket av krysseren Blucher i Drøbaksundet. Her er for lengst oljen fjerna frå vraket og miljøproblemet løyst.

For regjeringa bør eit vrak utafor Vestlandskysten med verdas største kjente kvikksølv-førekomst i noko vrak vere noko som hastar. Regjeringa må ta miljøproblem ved Vestlandskysten minst like alvorleg som miljøproblem ved Oslofjorden.

Sandbankane på havbotnen er i bevegelse. I Odda vart det for nokre år sidan lagt duk over forureiningane, desse lek på grunn av rørslene i havbotnen. Dette bør bevisa at tildekking av miljøgifta er heilt feil.

Vestland fylkeskommune forventar at regjeringa følgjer vedtak i Hordaland fylkeskommune om å heva kvikksølvet.

Det er brei politisk semje hos Vestlandspolitikarane at fjerning av kvikksølvlasta gir ein betre løysning på sikt enn tildekking.

Vi forventar at det settast av pengar i statsbudsjettet for 2021 til opprydding av kvikksølv og U-864.

Fedje og Vestland kan ikkje vente enda fleire år på tiltak. Vi krev handling no.

Folkeleg sagt, seier eg som stril, i oljehyre, få opp driten.