Kvar vinter har Trygg Trafikk kampanje for det norske folk slik at dei skal bruke refleks i mørke.
Det er mange ulykker som kunne vore unngått om ein hadde bruka refleks.
Refleks er viktig fordi bilane kan lettare sjå deg. Det gjer at det er trygt å gå langs vegen utan fortau, då blir det tryggare å gå der, og bilane bremsar ned fordi dei ser deg.
Ein annan grunn til å bruke refleks er at bilistane ser dårlegare i mørket og då er refleks bra å bruke slik at dei ser deg betre.
Kvifor ta risken på å døy?? Mange er glad i deg og dei vil ikkje miste deg.
Ein annan fordel med refleks er om du dett i grøfta og skade deg, kan du lettare bli sett og få hjelp av bilistar som køyrer forbi. Du skilje deg ut frå andre ting i mørke og du blir meir synleg for bilistane slik at dei stoppe opp.
Refleks kan verke teit, men den reddar mange liv. Med refleks kan man vere meir trygg i trafikken.
Til slutt vil vi bare seie at om du ikkje bruke refleks vil ikkje bilane sjå deg i mørke. Bruk refleks. Det kan redde livet ditt. Vel du refleks, vel du livet…….
6.-klasse på Leiknes skule