For meg er 17. mai folketog, godt humør, korpsmusikk og masse folk. Som oftast har eg tatt turen til Bergen sentrum i finstasen, sett på toget, veiva med flagget og vore saman med venner frå tidleg på dag til seint på kveld.

Kontrasten mellom fjorårets og årets markering, er enorm.

I år blir nasjonaldagen feira i eigen heim utan storbesøk. Framfor å synge «Ja, vi elsker dette landet» saman med kjente og ukjente, vil vi i år begge to stå på altanen klokka 13 for å synge saman med naboane - som står på sine altanar.

I år blir det ikkje kjempelange tog, store folkemengde og mange klemmar. Det blir ikkje dei tradisjonelle barnetoga, og færre får ta del i flaggheising og kransenedlegging. Vi står ikkje som sild i tønne på bussen, ei heller i lange køar for å sikre oss is, pils eller pølse med brød.

I år må vi halde oss til smittevernreglane. Derfor får maks 20 personar delta i private arrangement, og maks 50 deltakarar på skular og andre fellesareal som blir tatt i bruk til mindre arrangement.

Det er ikkje 17. mai utan flott korpsmusikk. Heldigvis får korpsa framleis spele, sjølv om dei også må halde seg til smittevernreglar. To meter avstand i lengda, og ein meter skulder til skulder.

17. mai blir for meg og deg ein heilt annleis dag. Forhåpentlegvis blir det likevel ein fin dag, sjølv om han blir spesiell.

Vi i Strilen skal sjølvsagt vere ute og dokumentere dagen. Du vil framleis få bildeserier og saker frå nasjonaldagen. Men, vi kan dessverre ikkje kome heim til kvar einaste Strilen-lesar for å ta bilde.

Kvart år har vi fått mange flotte bilde frå Strilen-lesarane sine 17. mai-feiringar. I år er vi nok desto meir avhengige av å få hjelp frå lesarane til å dokumentere denne spesielle nasjonaldagen.

Eg håpar derfor at du vil hjelpe oss. Korleis feirer du nasjonaldagen? Send bilda til avisa@strilen.no eller merk dei med #Strilen på Instagram.

PS: Send oss gjerne tips til kva du vil lese om i Strilen på 17. mai!

Ha ei flott og trygg 17. mai-feiring!

Siv Berg Lutro, nyheitsredaktør i Strilen