Redaktøren har ordet: Det er eg sjølvsagt glad for. Dei siste åra har avisa vår vore gjennom store endringar. At vi har kome gjennom desse endringane på eit so pass høgt opplagsnivå er det grunn til å vere nøgd med.

Samstundes har vi ambisjonar for at Strilen skal vekse, ikkje minst digitalt. Der har vi no eit godt og solid utgangspunkt, i redaksjonen, i marknadsavdelinga, i opplagstal og i sunn økonomi.

Vi kjem til å gje gass for å for å lage ei enda betre avis til deg som les Strilen. Vi kjem til å jobbe med nye måtar å lage journalistikk på, og vi kjem til å utvide det digitale tilbodet jamt og trutt. Allereie på denne sida av jul kjem det litt ekstra snop til Strilen-abonnentane frå oss i Strilen.

Per første halvår 2021 har Strilen eit godkjent opplag på 5544. Det viser dei offisielle tala frå bransjeorganisasjonen MBL, som blei lagt fram denne veka.

Det gjer at Strilen framleis er den største avisa i Nordhordland og Gulen. Strilen er størst både på papir og digitalt.

Komplettopplaget (gjeld abonnentar som har tilgang både til papiravisa og til dei digitale utgåvene) til Strilen er no 3163, medan digitalopplaget er 2258.

Ned til vår vyrde konkurrent, avisa Nordhordland, er det eit hopp på 469 i opplagstala. Avisa Nordhordland har eit opplag på 5075. Komplettopplaget er på 2683, medan digitalopplaget er på 2256.

Til forskjell frå undersøkingar som syner lesartal, er opplagstala eit resultat av nøyaktig oppteljing. Lesartal-undersøkingar nyttar mellom anna telefonintervju som metode, og har feilmargin på fire prosent begge vegar.

MBL-tala som kom denne veka synte opplagstal for 225 aviser. 100 av dei har opplagsvekst, og det høyrer med til historia at Strilen har ein nedgang på 115 i opplag samanlikna med andre halvdel av 2020. Avisa Nordhordland ein nedgang i opplagstalet på 153.

Tala syner at det digitale skiftet i dei nordhordlandske avisene er langt framskride. Førebels har vi nok berre sett byrjinga.

Mest det einaste som står som ei påle uansett trendar i tida, er godt journalistisk innhald. Det er vi i Strilen godt nøgde med. For der er vi på heimebane.

Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør, Strilen