Også her i vår region, med fleire dødsulukker der trafikantar omkom som følgje av at andre sette seg bak rattet med alkohol i blodet. Alt dette skulle vera kjent for dei fleste, både at promille kraftig reduserer dei evnene som er viktige i trafikken, og dei forferdelege konsekvensane som kan oppstå når nokon kjører i fylla.

Likevel er det stadig folk som vert stoppa med promille. I alle aldersgrupper, og både menn og kvinner. Politiet stoppar ein del i rutinekontrollar, andre etter tips. Og så dei verste hendingane, der promillekjøringa endar i ei ulukke, og blodprøve er ein del av turen innom legevakten.

Kva er det som gjer at enkelte kjører med promille, og til dels igjen og igjen? Trur dei at ulukker berre er noko som skjer med andre? Synest dei at det er OK å fyllekjøra, med berre ei gul stripe som skil dei frå barnefamiliar og andre reisande? Sjølv i edru tilstand skal det ikkje meir til enn ein kikk på radioen, eller noko anna som forstyrrar, før ein kan komma over i feil kjørefelt. Av og til med katastrofe som resultat. Er det verkeleg nokon som vil ta sjansen på å ta seg ut på vegane med promille i blodet?

Anten det er alkohol, piller eller narkotiske stoff så er det vel sannsynleg at ruskjøringa er meir omfattande enn det politinotisar og dommar gjev oversikt over. For det er ikkje alle som vert stoppa, og det er ikkje alle gongene det var trafikk i mot akkurat då ein ruskjørar svinga over i motgåande kjørefelt. Det er skremmande å tenka på kva risiko ein eigentleg er utsett for som bilist, der dei som kjem i mot deg på vegen kan vera rusa.

Politiet kan ta ein del av desse, men ikkje alle. Til slutt er det den enkelte bilisten som må innsjå ansvaret sitt. Med tanke på den risikoen som ein utset seg sjølv og andre for skulle det vera eit lett val å la bilnøklane ligga. For dei som er rundt, skal det heller ikkje vera vanskeleg å ta ein telefon og varsla politiet om promillekjøring. Kven vil vel stå att som den som ikkje tipsa om promillekjøringa, og så enda akkurat den turen i ei ulukke.

Sommarferien er gjerne ei tid der øl og vin vert drukke i større mengder enn resten av året. Men la bilen stå, så enkelt er det.