Alver Senterparti sin leiar meiner det er uheldig for folk flest i Nordhordland at det ikkje kom på plass ei ny regjering der Sp, Ap og Krf kunne ha styrt saman framover. Det var og leit å lesa at det i eit avstemningsmøte i Alver Krf. i oktober var eit stort fleirtal for ei regjering der Krf. skulle styra saman med Frp. Det til tross for lovnaden i valkampen om at Krf. ikkje skulle gå i regjering med Frp. Det var det klaraste valløftet Krf. gav før Stortingsvalet 2017.

Alver Senterpartiet vil uansett arbeida for at me saman i den nye kommunen vår Alver skal ha ein god politikk for å minska på sosiale forskjellar, og halda på ein raus integreringspolitikk. Alver Senterparti vonar og at vegvalet til Krf. sentralt ikkje får prega lokalpolitikken hjå oss framover for mykje.

Alver Senterparti vil uansett arbeida hardt for at me i Alver kommune skal ta heile kommunen i bruk, og ha levande og trygge lokalsamfunn der folk bur. Det betyr at me tek vare på bygdene og skulane våre, og utviklar lokalsamfunna saman med innbyggjarane i heile den nye kommunen. Alver Senterparti vil og gjera det me kan for å få nok inntekter til å drifta kommunen på best mogeleg måte for dei svakaste i samfunnet vårt. Me ynskjer heller ikkje privatisering og konkurranseutsetjing av kommunale tenester. Desse valløfta skal Alver Senterparti halda!