Lesarbrev: Stolpejakta har vorte eit tilbod som mange gler seg til kvart år. Kringom langs vegar og stigar, i buskar og kratt, i djupe dalar og på høge fjellnutar leitar ein fram stolpar merkt med farge og nummer. I Alver er dei spreidde til dei fleste delar av kommunen.

Når ein høyrer at om lag 9000 ivrige turgjengarar har delteke, fortel det særs mykje om det gode tiltaket for folkehelsa. I tillegg får ein betre kunnskap om lokale tilhøve og bruk av kart undervegs t.d.

Den 1. november var det slutt for i år, og mange har fått registrert seg i tida frå 1. april og fram til no. Vonar at arrangøren av tiltaket allereie er klar med planlegging av eit nytt år og nye stolpar. I så fall reknar eg med at evaluering av stolpejakta 2023 legg grunnlaget for neste i 2024.

For eigen del, kunne eg tenkje meg å supplere med nokre tankar og idéar som eg trur m.a. vil gje fleire turinteresserte mogelegheit til å kunne delta. Fordi vi har farta litt ikring i andre kommunar og andre landsdelar, har vi registrert mange måtar å plassere stolpane på, med ulik vanskegrad og også inndeling i forskjellige område og praktiske/berekraftige løysingar. Nokre av dei har eg lyst å dele.

I Alver vart det offisielt lagt ut 110 stolpar frå 1. april som ein kunne samle opp i perioden. For mange vart det målet for årets jakt. Men så syner det seg at både «Bergen Fjell og Fjordtur» den 17.06. og «Knarvikmila» 31.08.-3.09. kjem i tillegg. Altså må ein ha 130 stolpar for å ha fullført kartet lokalt!

Alle tiltaka er prisverdige, men dei burde vore registrert som 3 ulike arrangement, slik at fleire kunne ha høve til å fullføre. Som mange veit, vert det og gjeve poeng for fullførte kart.

Eit anna forslag er at Alver kommune i dag er ein så stor geografisk region at det gjerne skulle vore delt inn i 3, t.d. etter dei gamle kommunegrensene for Meland, Lindås og Radøy.

I Larvik t.d. har dei plassert ut stolpar fordelt på 10 område, noko som gjer det langt lettare å fullføre for turgåarar som kan vere hindra frå å nå dei høgaste toppane og dei lengste rutane.

Mange stolpar i Alver krev mykje bruk av bil for å nå fram. Om stolpane hadde vore lagt i eit mønster (ring) der ein etter enda jakt kom attende til bilen gjerne med oppmerkte parkeringsplassar (mange stader er det det), hadde nok det vorte ei meir berekraftig løysing. Kolåsfjellet er i så måte eit godt døme på det lokalt.

For meg personleg har Stolpejakta opna ei ny verd der eg har nådd stader eg elles aldri ville ha kome til. Eg har møtt blide og hyggjelege likesinna med same mål for auga: nyte den vakre naturen der ein er til ei kvar tid, kombinert med å samle stolpar og poeng i konkurranse med seg sjølv. Her er det berre vinnarar!

Helge Sæthre