Livet...

Det er som ein veg.

Det går opp, og det går ned.

Her og der er det ei bru, som får endar til å møtast.

Ofte må ein gjennom ein mørk tunnel, lang eller kort. Men der er alltids lys i enden.

Ein veit aldri kva som ventar bak neste sving, så ein må nokre gongar trå litt varsamt – væra litt obs.

Nokre gongar kan ein havna i grøfta. Ein kjem seg oftast opp igjen av seg sjølve, men nokre gongar må ein ha hjelp.

Kven eller kva ein møter langs vegen, det veit ein aldri heller. Nokre gongar er det gode overraskelser, andre gongar ikkje.

Av og til, mens ein ferdas langs vegen, ser ein ikkje så godt alt som er rundt seg.

Det kan være for mykje tåke, alt rundt er berre grått og trist. Andre gongar ser ein alle dei flotte fargane, ein trekker inn den friske lufta – og nyt.

Nokre gongar kjem ein til eit kryss, eller eit vegskille. Då må ein velga kva veg ein skal gå.

Nokre gongar er vegen tung å gå. Andre gongar spring ein avgårde med lette steg, og omfavnar kvar motbakke med eit smil.

Livet, ja, det er som ein veg. Nokon går vegen aleine. Andre har ein god turkamerat. Ein som heiar, når motbakken blir for tung. Ein som held handa om vegen er mørk, og du er utrygg.

Då er vegen god å gå – sjølv om ein aldri veit kvar den går.

Marit Kvamme-Vik