For 33. gang skal Sparebanken Vest og Strilen, i samarbeid med Nordhordland næringslag, dele ut heidersprisen «Årets bedrift».

Kven fortener tittelen «Årets bedrift 2020» i Nordhordland og Gulen? Alle kan fremje forslag til kandidatar (innan 20. oktober).

Juryen har alt hatt det første møtet sitt, men sett bort frå ein datoplan og nokre reint arrangementstekniske notat har vi førebels blanke ark og teiknestiftar til.

Prisen vert delt ut til ei verksemd som har utmerka seg spesielt, og er meint som ein inspirasjon for næringslivet i distriktet.

Korona-pandemien råkar ulikt, både når det gjeld personar og verksemder. Nokre merkar han knapt, andre slit kraftig.

Uansett er det umogleg å gjere eit seriøst arbeid i juryen utan å ha pandemien i augekroken. Difor er eit nytt punkt om covid-19 lagt til kriteria i år. Elles er kriteria som før.

Og også i år gjeld dette: Prisen skal vere noko å strekkje seg etter!

Send inn kandidatar til «Årets bedrift 2012», oppmodar ansvarleg redaktør i Strilen, Eirik Langeland Fjeld. Foto: Odd Mehus

Juryen skal vurdere heilskapen i dei nominerte verksemdene, basert på desse kriteria:

Verksemda sin profil og omdøme, sal/marknadsføring, utvikling i økonomisk resultat, utvikling av produkt, kvalitetsstyring, HMS, skaping av nye arbeidsplassar, omstilling og nytenking, kompetanseutvikling og personal- og miljøtiltak.

I år vert det òg lagt vekt på: evne til å tilpasse seg covid-19-krisa.

I juryen sit Baste Tveito (dagleg leiar i Nordhordland næringslag), Olav Hovland (banksjef, Bergen og omland, Sparebanken Vest) og Eirik Langeland Fjeld (ansvarleg redaktør, Strilen).

Sjølve utdelinga av «Årets bedrift»-prisen vert ein gong i desember månad. Tid og stad vert gjort kjend seinare i haust. Vi følgjer korona-situasjonen nøye. Det som allereie er klart er at den no tradisjonelle gallaen «Nordhordland Awards» ikkje vert som dei føregåande åra.

Vinnaren får eit kunstverk av gullsmed Hilde Rønning Rongevær frå Meland.

Tidlegare vinnarar av «Årets bedrift» er:

  • 2019: PSW Group AS

  • 2017: Skipavika Næringspark AS

  • 2016: Norwegian Weather Protection AS

  • 2015: Nesfossen Smolt AS

  • 2014: Fours AS (Kolos)

  • 2013: Mongstad tavleteknikk AS

  • 2012: Johny Birkeland Transport AS

  • 2011: Uni Micro AS

  • 2010: TESS Vest AS

  • 2009: Firda Sjøfarmer AS

  • 2008: Hillesvåg Ullvarefabrikk AS

  • 2007: Radøygruppen AS

  • 2006: Mongstad Test og Inspeksjon AS (MTI)

  • 2005: Statoil Mongstad

  • 2004: Walde byggevare

  • 2003: Mongstadbase AS

  • 2002: Møbelutsalget Bjarne Foss AS

  • 2001: FrekhaugVinduet AS

  • 2000: Kvalfangarane på Fedje

  • 1999: Mongstad Elekro AS

  • 1998: Fedje Mekaniske Verksted AS

  • 1997: Hydrobase Mongstad

  • 1996: Wergeland Holding AS

  • 1995: Frekhaug Stål AS

  • 1994: Modelldata AS

  • 1993: Radøy Mek. Verksted AS

  • 1992: H. Gulbrandsøy AS

  • 1991: Frank Mohn Flatøy AS

  • 1990: Fjord Instruments AS

  • 1989: Manger Fiskemat AS

  • 1988: Georg Eknes Industrier AS

  • 1987: Erstad Trevarefabrikk AS

Lat nominasjonen til 2020-tittelen ta til!

Send kandidatar til eirik.langeland.fjeld@strilen.no allereie no (siste frist er 20. oktober).

Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør, Strilen