Etter to utgåver av Strilen si papirutgåve utan «Det skjer»-meldingar, er det fleire som har teke kontakt med meg og andre tilsette i avisa.

Felles for nesten alle dei som har teke kontakt, er at dei saknar meldingane, og ikkje synest Strilen vert det same utan.

Som eg skriv i avisa i førre veke: per i dag har vi ikkje ei god teknisk løysing for å administrere meldingar om arrangement. Det er eg ikkje nøgd med, og eg vonar vi kan komme tilbake med eit betre alternativ enn vi har per i dag.

Og no – godt nytt! Som følgje av dei venlege og konstruktive samtalane eg den siste veka har hatt med røynde Strilen-lesarar, har eg skunda arbeidet med ei ny «Det skjer»-løysing. Alt er ikkje klart, men det som er klart er at «Det skjer»-meldingar kjem tilbake i papirutgåva i haust.

Det skjer-meldingar skal komme tilbake i Strilen Foto: skjermskot/Strilen E-avis

Informasjon om det praktiske reknar eg med er klart på seinsommaren. Følg med i avisa.

Eg vil takke alle som har teke kontakt med meg for å komme med gode innspel til korleis Strilen skal vere i framtida.

Eirik Langeland Fjeld, redaktør