Hu og hei kor det går. Plask.

Festivallivet er stort sett ein dans. Men plutseleg går det gale.

«På den siste «svansen» over båtane hadde eg trakka feil. Plask.»
Publisert: Publisert:

Synspunkt: Eg var i Skjerjehamn under Utkant – og for nokre dagar det vart! Denne gongen var eg så heldig å ha kollegaer som knipsa bilde og snakka med festivalfolket, så eg kunne gå inn i «Utkant-modus».

Medan eg «sosa» rundt der gjorde eg nokre tankar og observasjonar om apparatet som er i sving for å lage ein slik festival, særleg når det gjeld tryggleik og beredskap.

I tillegg til Utkant og Skjerjehamn sitt eige apparat var det både Kystvakt, Røde Kors, politibåt og lokale politipatruljar (væpna attpåtil, som i landet elles). På vatnet såg det heile tida ut til å vere ein vasskuter eller båt på streif.

Det verka jo litt «valdsamt», synest eg. Det var jo berre fryd og gammen, og til og med fint vêr. Ingen antyding til knuffing eller folk som hamna på sjøen, så her var dei i overkant oppbemanna rakk eg å tenke.

Ingen sjøslag å sjå her.

Men så fell mørket på. Promillen går opp og vitet går ut. Ting skjer i båten, i buskene, i teltet, framfor scena og langs vatnet. Det er då den store «beredskapstroppen» for alvor kan komme til rette.

For på Utkant og i Skjerjehamn er det ganske langt til nærmaste by og sjukehus viss noko verkeleg går gale.

Alvorleg gale gjekk det under båtulykka på veg heim frå Utkant i 2016, der ein person omkom.

I 2017 måtte popstjerna Sigrid vinke fleire publikummarar vekk frå scena då ein ambulanse hadde blitt kalla inn til ein nødsituasjon inne på festivalområdet. Her ambulanse på veg ut igjen.

For meg hadde årets festivalveke vore topp. Eg hadde møtt hyggelege folk på Byrknes og i Eivindvik, og svinsa og svansa frå meg i Skjerjehamn. Eg kunne ikkje bli våtare og meir oppstemt enn eg var under Staysman, som heldt sistekonserten under regn og pyro.

Klokka var rundt 01.15 i laurdagsnatta, og eg var i båten vi disponerte, på veg til å gå i land for ein siste dans før eg skulle ta hurtigbåten til Eivindvik.

Plutseleg låg eg i sjøen. Med kle og sekk og det heile på. Ikkje edru.

Sjøbeinet mitt er heller ikkje det beste. Eg plar aldri å trakka over fleirfaldige båtar, sett bort frå når eg er på Utkant. Å gå frå båten vår og over dei sju andre båtane for å komme i land hadde likevel gått fint gjennom heile helga.

På den siste «svansen» over båtane hadde eg trakka feil. Plask.

Aldri har eg blitt edru fortare.

Og før eg rakk å tenka meg om, på ganske få sekund, så fekk eg ei lykt på meg. Det er mannen på Røde Kors-vasskuteren som tilfeldigvis var like ved då eg tok meg eit ufrivillig nattbad.

At han kom så kjapt til, kom bardus på meg. Eg kava så med sekken, mobilladaren og det å halde meg fast i båten, at eg knapt klarte å forhalde meg til at ein redningsmann skulle vere så forbaska rask på «alerten».

Eg fekk karra meg på den snedige vass-skuteren, ein «rescuerunner» har eg lært, og blei frakta i land, der ein Røde Kors-armé stod klar for å ta meg imot.

Dei hjelpte meg av med dei våte kleda, fekk tulla meg inn eit varmt teppe og såg til at eg hadde komme heil i land. Dei var ikkje heilt overtydd då eg påstod at eg ikkje fraus.

Dei to vennane mine som vart vitne til uhellet, eller rettare sagt lyden av plasket, kom rushande inn i teltet. Der fekk dei sjå ein Erlend som var fatta, men fin – og som hadde slått seg til ro med at det ikkje vart noko disko i natt.

Litt meir marginar imot, så kunne eg slått meg i nabobåten i fallet. Utan at vennane mine var der. Og utan ein snarrådig Røde Kors-helt ti meter unna.

Det var heldigvis ikkje realiteten her.

Med tørre filler på, rakk eg og vennane mine båten heim. Takknemleg for at festivalen var over for denne gongen.

Og takknemleg for gode venner og Røde Kors som passar på.

Erlend Kristiansen, journalist i Strilen

Ein Røde Kors-ar på ein «rescuerunner» under årets Utkant. Kanskje min redningsmann?
Publisert: