Når eg sit og skriv dette, er det under seks timar igjen til eg tek over som redaktør i Strilen.

Det er sein ettermiddag, og utanfor glaset i Kvassnesvegen i Knarvik ser eg biltrafikken til og frå Meland og Bergen. På den viktige E 39 dundrar tungtrafikken nordover i fylket vårt, til Sognefjorden og vidare. På Fv 57 rullar trafikken jevnt og trutt mot Radøy, Mongstad-anlegget, Lindås-bygda, Austrheim og Fedje.

Eg ser innseglinga til Osterfjorden, eg ser fjella over Hamre-bygda på Osterøy og eg ser sjøvegen til Arna (der avisa Bygdanytt held til, ei avis eg òg er redaktør for). Eg ser mot Hordvik, Tellevik og Nordhordlandsbrua. Eg ser fjella i Åsane, og lenger borte - det majestetiske Gullfjell-massivet.

Alt dette ser eg frå stolen min. Eg tenkjer at her, her har eg aldri site før. Og eg smiler. Eg kjenner at no sit et fint i det.

Tankane mine flyt frå Vaksdal og Osterøy til Isdalstø og nordover i strilelandet og Strilen-landet, heilt inn i Sogn og Fjordane fylke.

Eg er bergensar, men er likevel ikkje nokon fersking når det gjeld Nordhordland.

Eg kan berre lukke auga ein blink eller fem, og så kan eg kjenne lukta av nyslege gras på Åråsen i Austrheim, der eg eg støtt og stadig var på vitjing og ferie hjå farmor og farfar i heile oppveksten og ungdomstida mi.

Eg kan høyre lyden av bølgeskvulp, og tøffinga ut Åråsvågen i ein 16 fots Askeladden. Eg kan kjenne vinden ule rundt øyra ved Solesjøen eller lukte den freistande dufta av frityrolje frå det - for lengst - nedlagde gatekjøkenet i Mastrevikane.

Eller gå på handleturar på Mastervik torg, eit kommersielt, pulserande punkt i den elles - stor sett - landlege kommuna.

Eg kan ta meg sjølv med tilbake til bilkø på ferjekaia på Steinestø på 1980-talet, med klippekort på solskjermen over frontglaset. Eg sit i passasjersetet, far min i førarsete - og vi er på veg til Lindås gymnas, der far hadde jobben sin i mange år.

Eg hugsar Knarvik senter, og det såg ikkje ut slik det gjorde då eg var innom ein tur i lønsjen i dag. For å seie det forsiktig.

Eg kan lukke auga å reise på hyttetur til Radøy, til «øyane» i Austrheim eller til svigerfamilien min på Frekhaug. Eg kan køyre buss gjennom Romarheimsdalen på veg til militærteneste i Førde på fyrste halvdel av 1990-talet, og sjå ned på Matrefjella frå eit propellfly på veg tilbake til Bergen og Flesland.

Eller eg kan sjå flammane reise seg mot himmelen og kjenne den ekle kjemistanken som møtte meg og ein kollega ein dag i slutten av mai 2007. Vi var mellom dei fyrste journalistane på plass i Sløvågen i Gulen den dramatiske dagen då delar av Vest Tank-anlegget gjekk i lufta. Det er ein dag eg seint kjem til å gløyme.

Likevel - lat meg stikke fingeren i jorda. Eg har vore mykje i Nordhordland, men eg har alltid vore på vitjing. Eg har mykje å lære om denne regionen, og difor kjem eg til å nytte ein god del av tida min framover til å reise rundt og gjere meg kjent. Kanskje eg dukkar opp på eit arrangement i bygda di?

Avisa eg no tek over ansvaret for er i sterk medgang. Derfor skal vi fortsetje å gjere ganske mykje slik vi allerede gjer det. Men tru berre ikkje at vi har parkert!

I tida fremover vil du sjå nokre mindre endringar i papiravisa, og det er mitt mål at du etter kvart vil sjå store endringar i det digitale tilbodet vårt.

Dei som greier seg med litt kan fortsetje å følgje oss gratis, men for dei som vil ha premium-utgåva av Strilen vil det vere viktig å ha eit abonnement.

Eg gler meg som ein unge til å ta fatt på den nye jobben min. Og no er det i skrivande stund berre fire timar att til eg formelt er i gang!

Eg lovar at eg og dei særs dyktige journalistane i Strilen skal gjer vårt beste for at du skal få ei informert, sakleg, kjapp, kritisk, patriotisk og underhaldande avis. Men vi klarer ikkje å gjere jobben vår skikkeleg om ikkje du er med på laget.

Ver så snill å tips meg om det er noko du meiner vi bør skrive om, eller det er noko du meiner eg bør kjenne til! Det beste er om du sender ein e-post til eirik.langeland.fjeld@strilen.no - men du er òg velkomen til å slå på tråden.

Eg vert ekstra glad hvis eg får melding eller høyrer frå nokon som aldri har vore i kontakt med avisa før. Det er kanskje på tide at du gjev lyd frå deg?

Kanskje du kan skrive nokre linjer til meg i helga?

Og, du? Om du har noko å annonsere - driv butikk eller er med i lag - so må du ta kontakt med annonseavdelinga vår, og syte for at du vert sett av potensielle kundar og medlemmer. Skal du nå flest mogleg i Nordhordland no, gjer du lurt i å gå vegen om Strilen.

Eg ynskjer deg uansett ei riktig god avslutning på veka!

Med venleg helsing Eirik Langeland Fjeld, redaktør, Strilen