Strilen

  • Nyheiter
  • Kultur
  • Sport
  • Meiningar
  • Folk
Meny Lukk

Meininger

Vetle spegel på veggen der, kven er vakrast i regionen her?

Eirik Langeland Fjeld (red.) redaktør, Strilen
Oppdatert: 17.jun.2019 09:46
Publisert: 14.jun.2019 10:05
  • – Dette er ein inspirasjon til å stå på vidare, seier Stein Inge Larsen om prisen Årets Bedrift, som for 2017 vart tildelt Skipavika Næringspark AS. Frå venstre Olav Hovland i Sparebanken Vest, Stian Bogetvedt i Skipavika Næringspark AS, Stein-Inge Larsen i Skipavika Næringspark AS, Frode Sagstad i Frekhaug Stål AS, Bente Lorentzen i Romarheim AS, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag Baste Tveito, og Fredrik Moe Mikkelsen i Sparebanken Vest. FOTO: Strilen

Jo visst er profil og omdøme viktig når vi no skal finne dei mest prisverdige verksemdene i Nordhordland og Gulen - men som vi veit: utsjånad er langt frå alt.

REDAKTØREN HAR ORDET: For 32. gang skal Sparebanken Vest og Strilen, i samarbeid med Nordhordland næringslag dele ut heidersprisen «Årets bedrift».

Juryen har alt hatt det første møtet sitt, men sett bort frå det reint arrangementstekniske har vi førebels blanke ark og teiknestifter til.

Kven fortener tittelen «Årets bedrift 2018» i Nordhordland og Gulen? Alle kan fremje forslag til kandidatar (innan 15. august), og vinnaren vert gjort kjend under arrangementet «Nordhordland awards» til hausten.

Prisen vert delt ut til ei verksemd som har utmerka seg spesielt, og er meint som ein inspirasjon for næringslivet i distriktet.

Prisen skal vere noko å strekkje seg etter!

Send inn kandidatar til «Årets bedrift 2018», oppmodar ansvarleg redaktør i Strilen, Eirik Langeland Fjeld.
Odd Mehus

Juryen skal vurdere heilskapen i dei nominerte verksemdene, basert på desse kriteria:

Verksemda sin profil og omdøme, sal/marknadsføring, utvikling i økonomisk resultat, utvikling av produkt, kvalitetsstyring, HMS, skaping av nye arbeidsplassar, omstilling og nytenking, kompetanseutvikling og personal- og miljøtiltak

Tidlegare vinnarar av «Årets bedrift» er:

  • 2017: Skipavika Næringspark AS
  • 2016: Norwegian Weather Protection AS
  • 2015: Nesfossen Smolt AS
  • 2014: Fours AS (Kolos)
  • 2013: Mongstad tavleteknikk AS
  • 2012: Johny Birkeland Transport AS
  • 2011: Uni Micro AS
  • 2010: TESS Vest AS
  • 2009: Firda Sjøfarmer AS
  • 2008: Hillesvåg Ullvarefabrikk AS
  • 2007: Radøygruppen AS
  • 2006: Mongstad Test og Inspeksjon AS (MTI)
  • 2005: Statoil Mongstad
  • 2004: Walde byggevare
  • 2003: Mongstadbase AS
  • 2002: Møbelutsalget Bjarne Foss AS
  • 2001: FrekhaugVinduet AS
  • 2000: Kvalfangarane på Fedje
  • 1999: Mongstad Elekro AS
  • 1998: Fedje Mekaniske Verksted AS
  • 1997: Hydrobase Mongstad
  • 1996: Wergeland Holding AS
  • 1995: Frekhaug Stål AS
  • 1994: Modelldata AS
  • 1993: Radøy Mek. Verksted AS
  • 1992: H. Gulbrandsøy AS
  • 1991: Frank Mohn Flatøy AS
  • 1990: Fjord Instruments AS
  • 1989: Manger Fiskemat AS
  • 1988: Georg Eknes Industrier AS
  • 1987: Erstad Trevarefabrikk AS

Lat nominasjonen til 2018-tittelen ta til!

Send kandidatar til eirik.langeland.fjeld@strilen.no allereie no (siste frist er 15. august).

Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør, Strilen

widget-list
matrix-tags
Ansvarsmerket

Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsippa som er nedfelte i Ver Varsam-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, ber vi dei kontakte redaktør Eirik Langeland Fjeld.

Personvernpolicy Informasjonskapsler (cookies)

Ansvarleg redaktør:
Eirik Langeland Fjeld
Marknadssjef:
Heidi V. Villanger
TIPS REDAKSJONEN: 97 15 10 20
SENTRALBORD: 56 34 30 30
Redaksjonen: redaksjonen@strilen.no
Annonsar:annonse@strilen.no
Abonnement:avisa@strilen.no
Besøksadresse:
Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø
Postadresse:
Strilen, Kvassnesvegen 23
5914 Isdalstø
Ikkje fått avisa?
Send epost til avisa@strilen.no eller ring Strilen på 56 34 30 30 måndag-fredag kl 08.00-16.00. Laurdag: send SMS eller ring 97 15 10 20
Fakturaadresse:
Strilen, Pb. 8956, 7439 Trondheim, org.nr: 950 231 998
mail (pdf): invoice.8957@kollektor.no