Som lokalavis for Nordhordland skal Strilen dekke både små og store saker. Alt frå sport til kultur, frå politikk til veg. Små notisar om UP-kontrollar til lengre reportasjar med sterke historier.

I 58 år har lokalavisa di skrive om menneska i kommunane i Nordhordland, og det skal vi halde fram med i mange tiår til.

Mykje av stoffet finn me på postlister, hos politiet, på butikken og frå sosiale medium. Nokre av sakene kjem frå eigne idear og andre kjem som tips.

Skal Strilen dekke innbyggjarane sine behov og ønskjer, er vi avhengige av å høyre frå deg. Kva er det du ønskjer å lese om i avisa di? Kva vil du at vi skal sette søkelyset på? Kven vil du at vi skal snakke med?

Skal vi lage ei levande og engasjerande lokalavis, er vi altså heilt avhengige av å høyre frå nettopp deg. Send oss tips, store og små, om kva du vil vi skal skrive om. Lesarane våre er med på å forme lokalavisa like mykje som det vi journalistane er. Vi er innbyggjarane sitt talerøyr, og det er deg vi er her for.

Det er kanskje ikkje sikkert at vi kan skrive om alt du tipsar om. I ein liten redaksjon må me gjere vurderingar kvar dag på kva vi rekk over. Og realiteten er at nokre gonger klarer vi dessverre ikkje å kome over alt, sjølv om vi gjer vårt beste. Men vi set gjerne på trykk lesarbrev, lesarreportasjar og lesarbilde om vi dessverre ikkje skulle ha høve til å vere med på eit arrangement.

Kan du hjelpe oss litt på veg, lovar vi å gje ei hjelpande hand tilbake. Så kan eg love at vi gjer vårt beste for å servere ei god lokalavis med varierte saker til lesarane våre.

I Strilen ønskjer vi å skape eit engasjement i lokalsamfunnet, anten det handlar om kommunesamanslåing eller om det er utvikling av distriktet. No håpar eg du vil hjelpe oss med å skape dette engasjementet.

Har du eit tips, kan du sende oss ei melding på Facebook eller sende ein e-post til redaksjonen@strilen.no. Du kan også ringe tipstelefonen på telefonnummer 97 15 10 20. Eller du ta direkte kontakt med meg.

Vi lovar å høyre på kva du har å seie.

Siv Berg Lutro,

nyheitsleiar i Strilen