I denne avisa har ansvarleg redaktør for lengst lagt ned leiarartikkelen.

Dei siste vekene har ordskiftet om leiarartiklane blussa opp igjen, etter at Morgenbladet-redaktøren slo fast at «(...) lederen, som sjanger, har utspilt sin rolle. Den er en etterlevning fra partiavisenes tid og den gang den offentlige debatten ble definert av noen få

Eg grunngav nedlegginga i Strilen med at spalta tradisjonelt er uklår når det gjeld avsendar:

«Kven er det eigentleg ein journalist eller redaktør meiner noko på vegner av, når han eller ho skriv ein leiarartikkel?

Er det redaktøren eller sjefsredaktøren som skal få lufte sine personlege standpunkt, og klistre avisa sin logo på dei? Er det dei tilsette som skal føre i pennen eigarane sine meiningar? Eller bør avisene vere knytte til eit parti, og leiarartiklane gje uttrykk for dette partiet sitt syn?»

Det er ikkje definert nokon stad, og det vert sjeldan forklart for lesarane, men kjennarar veit at det er ansvarleg redaktør som skal stå inne for innhaldet i leiarartikkelen. Innhaldet skal vere basert på avisa sitt grunnsyn/verdisyn (dersom avisa har eit).

Samstundes er det visst sånn at standpunkt frå leiarartiklane på inga måte skal få innverknad på arbeidet i redaksjonane, noko nokon i BT skriv om på leiarplass 12. januar.

Då kan ein jo undrast kva som er poenget med ein leiarartikkel på vegne av avisa, framfor ein signert kommentarartikkel.

Eg meiner den usignerte leiarartikkelen er inkonsistent med det media elles står for (i alle høve den delen av media som følgjer Ver varsam-plakaten).

Tekstar utan avsendar er vanskelege for lesaren. Den som vert kritisert er fråteken moglegheita for eit effektiv forsvar. Han eller ho veit jo ikkje kor angrepet kjem frå, og kan ikkje vurdere til dømes habiliteten til skribenten.

Mellom anna med denne grunngjevinga slepp de fleste aviser vanlegvis ikkje til usignerte lesarinnlegg.

Og sjå berre kva som står i Ver varsam-plakaten:

2.2. (...) Unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet.

2.3. Ver open om bakanforliggande forhold som kan vere relevante for korleis publikum oppfattar det journalistiske innhaldet.

Dette er det ikkje mogleg å forvalte på ein tillitsfull måte i ein usignert leiar.

Nokre aviser møter den mest skrikande inkonsistensen med å signere leiarartiklane.

Det løyser mykje, men endrar ikkje at leiarartikkelen som sjanger er ein anakronisme utan nokon reell meining i redaksjonane og i samfunnet i 2020.

I vår tid får dei breie media frå nokre hald kritikk for å vere forutinntatt og for å ha ein tydeleg politisk agenda. Frå innsida av ein moderne redaksjon verkar kritikken å vere lite treffande.

Sett frå utsida kan det neppe auke tilliten til dei same media om dei heisar tydelege flagg i politiske saker - i tekstar med hemmeleg avsendar.