Redaktøren har ordet: Det er den tida av året igjen - og tradisjonen tru:

For 34. gang skal Sparebanken Vest og Strilen, i samarbeid med Nordhordland næringslag, dele ut heidersprisen «Årets bedrift i Nordhordland og Gulen»!

Grønt skifte. Industri. Tenesteytande sektor. Olje. Gass. Familieverksemder og konsern. Næringslivet i regionen vår er komplekst, og i stadig endring. Koronaen har dukka opp i bakspeilet, medan omsyn til natur og miljø i større og mindre grad set preget sitt på mest alt vi ser gjennom frontruta.

Men kven stikk seg ut, og fortener heider og ære?

Prisen for «Årets bedrift i Nordhordland og Gulen 2021» vert delt ut under arrangementet ««Nordhordland Awards» i Alver i januar 2022. Nærmare informasjon om arrangementet kjem seinare i år.

I juryen for Årets bedrift sit Baste Tveito (dagleg leiar i Nordhordland næringslag), Margunn Aas Minne (regiondirektør Hordaland, Sparebanken Vest) og Eirik Langeland Fjeld (ansvarleg redaktør, Strilen).

Juryen skal vurdere heilskapen i dei nominerte verksemdene, basert på desse kriteria:

Verksemda sin profil og omdøme, sal/marknadsføring, utvikling i økonomisk resultat, utvikling av produkt, kvalitetsstyring, HMS, skaping av nye arbeidsplassar, omstilling og nytenking, kompetanseutvikling og personal- og miljøtiltak.

Send kandidaten din til eirik.langeland.fjeld@strilen.no innan 1. november. Ta med ei kort grunngjeving.

Tidlegare vinnarar av «Årets bedrift» er:

  • 2021: Romarheim AS

  • 2019: PSW Group AS

  • 2017: Skipavika Næringspark AS

  • 2016: Norwegian Weather Protection AS

  • 2015: Nesfossen Smolt AS

  • 2014: Fours AS (Kolos)

  • 2013: Mongstad tavleteknikk AS

  • 2012: Johny Birkeland Transport AS

  • 2011: Uni Micro AS

  • 2010: TESS Vest AS

  • 2009: Firda Sjøfarmer AS

  • 2008: Hillesvåg Ullvarefabrikk AS

  • 2007: Radøygruppen AS

  • 2006: Mongstad Test og Inspeksjon AS (MTI)

  • 2005: Statoil Mongstad

  • 2004: Walde byggevare

  • 2003: Mongstadbase AS

  • 2002: Møbelutsalget Bjarne Foss AS

  • 2001: FrekhaugVinduet AS

  • 2000: Kvalfangarane på Fedje

  • 1999: Mongstad Elekro AS

  • 1998: Fedje Mekaniske Verksted AS

  • 1997: Hydrobase Mongstad

  • 1996: Wergeland Holding AS

  • 1995: Frekhaug Stål AS

  • 1994: Modelldata AS

  • 1993: Radøy Mek. Verksted AS

  • 1992: H. Gulbrandsøy AS

  • 1991: Frank Mohn Flatøy AS

  • 1990: Fjord Instruments AS

  • 1989: Manger Fiskemat AS

  • 1988: Georg Eknes Industrier AS

  • 1987: Erstad Trevarefabrikk AS