Lesarbrev: Vi må sikre lærlingane våre

Regjeringa opplyste 9. april om at det var rundt 4000 permitterte lærlingar i landet. Eg var ein av desse, skriv Kristoffer Risnes i Nordhordland Unge Høgre.

Publisert: Publisert:

Kristoffer Risnes, leiar i Nordhordland Unge Høgre, har skrive dette lesarbrevet. Foto: Privat

  • Kristoffer Risnes
  • Kva er du opptatt av? I Strilen er du alltid velkommen til å skrive historiene og meiningane dine.

Når denne koronapandemien kom til Noreg stengde regjeringa ned landet, forskjellige institusjonar blei stengt og det kom ei rekke strenge tiltak for førebygging av smitte som skulle vere med å stoppe spreiinga av viruset.

For nokre ramma desse tiltaka meir enn hos andre dessverre, og som i mykje anna så rammer slike kriser folk som frå før av slit med å få ting til å gå opp. Og eg meiner regjeringa har gjort ein formidabel jobb i denne svært spesielle situasjonen.

Les også

Gir «koronaplaster» til ti lokale korps

Les også

Korona gjorde slutt på turbuss-eventyret

Mange vart og er enda permitterte frå jobbane sine, nokre måtte sjå bedriftene sine gå i underskot over natta og nokre har til og med måtte slå verksemda si konkurs.

Når denne koronapandemien kom til Noreg var det også mange lærlingar som blei permitterte.

Regjeringa opplyste 9.april om at det var rundt 4000 permitterte lærlingar i landet. Det er dramatisk og alvorleg.

Sjølv var eg ein av dei 4000 permitterte lærlingane. Det er ein usikker tid for lærlingane, dei veit eigentleg ikkje kva som skjer vidare. Ein går eigentleg berre og venter på å få komme tilbake i arbeid. Eg forstår at lærlingar blir usikre, dei vil jo vite kva som skjer vidare med læretida deira, korleis dei skal få tatt fagprøva, om lønna kjem til å endre seg og kva konsekvensar som vil kome av å vere permittert på lang sikt. Det er deira framtid og dei fortener å få svar på kva som vil skje vidare.

Mange av lærlingane burde i mine auge ikkje bli permitterte fordi dei kan lære mykje av å stå i ein slik situasjon som vi er i no. Sjølvsagt kjem jo det litt an på kva yrke du er lærling i, men eg trur at mange lærlingar kunne hatt bruk for ei slik erfaring som det du får i ein slik situasjon. Vi kan bruke den negative situasjonen å prøve å få noe positivt ut av det som erfaring og kunnskap og korleis takle ein vanskeleg situasjon.

Les også

Frå yrkesforbod til fulle ordrebøker

Les også

Siste nytt om koronaviruset

For meg er det veldig viktig at alle lærlingane våre er sikre og at dei får tilstrekkeleg med informasjon og får teke fagprøva. I Nordhordland er det mange elevar som går yrkesfag på både Austrheim vidaregåande skule og Knarvik vidaregåande skule. Samfunnet, fylke og kommune må strekke ut ei hand for å hjelpe alle lærlingane i Nordhordland som skulle trenge det og lærlingar er vår tids største gull!

Det er lærlingane som skal drive samfunnet i framtida og er derfor særs viktig at dei får den rette behandlinga og at det skal virke freistandes og både bli lærling og fortsette som lærling.

Eg forstår det kan være vanskeleg for nokre å ha lærlingane i arbeid no, men håpar at alle prøver å sjå viktigheita med at lærlingane får kjenne litt på denne erfaringa som er i denne tida.

Kristoffer Risnes, leiar i Nordhordland Unge Høgre

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Satsar på alt frå sko og dyreleiker til optikk

  2. Få søkarar til jobb som undervisnings­inspektør

  3. Skal steikja 14.560 sveler til Fjord1

  4. Her finn ein dei to dyraste i juni

  5. Politiet har ein sterk mistanke om kva som skjedde før bilen krasja i fjellveggen

  1. Lesarbrev
  2. Nordhordland
  3. Debatt