Spørsmål: Kva er likskapen mellom shopping i Moncler-dunjakke på Geilo og fiske frå 20 fots Askeladden i Osterfjorden?

Svar: Fint lite, bortsett frå at begge delar for nokon er del av det å vere på hytta.

Påstand: Korona-pandemien har avdekt at den norske hytta er eit splittande, ikkje eit samlande, nasjonalsymbol.

Bakgrunn: Allereie før covid-19 hadde bite seg skikkeleg fast i den norske folkehelsa vart det klart: den norske hytta er hata av mange.

At han er elska, visste vi godt frå før. Men den intense forakta var fram til våren 2020 ukjent for mange av oss.

I det offentlege ordskiftet har den norske hytta vore historia om reisa tilbake til røtene.

Den er historia om familie-, ski- og båtliv. Om turar i guds frie natur, og kald pils rundt varm bålpanne i slitt Fjällräven-jakke eller ein deilig fleece frå ArcTeryx.

Det handler om kulturell kapital, men óg om solid, sosialdemokratisk, materiell velstand.

Det er norske mann i hus og hytte, og ein falma vimpel som vert heist kvar gong reisa frå huset til hytta er unnagjort, og helga kan begynne.

Historia handlar om raudmalt trebygg, og utedo - sjølv om mange hytter no like gjerne har alle fasilitetar («eg berre elskar 15 minuttar i den regnskogdusjen etter tre mil på ski»), mørk Kebony-kledning ute og extra large boblebad på terrassen.

Då Norge vart stengt ned i mars i fjor, tenkte mange hytteeigarar at det kunne vere ekstra greitt å komme seg bort frå heimen, og søke tilflukt på hytta.

Hytteeigarane har gjerne denne tanken; om det dreg seg til heime så kan vi jo alltids reise til hytta. Hytta er kos og sjølv-lødd ved, men han er òg ei fluktrute.

Så vart det hytteforbod i staden for hyttetur. I påska i fjor sat eigarane av fjellhytter og såg lokalfolk leggje ut bilete på Facebook av tomme, nypreparerte løyper - gjerne med teksten:

– Flotte forhold! Deilig å ha løypene for seg sjølv!

I mars i fjor fekk vi vite at bak (eller skal vi seie «under», for dette må då vere noko som har lege der undertrykt?) den offentlege forteljinga, der ligg det ei anna historie.

Det er historia om ein rik, usympatisk middelklasse, som er mest oppteken av seg sjølv og viljug til nesten praktisk tala å køyre over lik (med 4WD SUV) for å få to netter på hytta.

Det er historia om folk frå byn som bryr seg katten om lokalbefolkninga, berre dei har det dei treng på hytta (biff, ved, straum, fiber, vatn, veg, kloakk og kort veg til skiløypa (maskinpreppa)/båtplassen (styrk det som ikkje passar)).

På TV og i avisene kunne vi sjå ordførarar som bad hyttefolket om å ha seg heim fortare enn svint.

Det etterlatne inntrykket var at mange av hyttekommunane slett ikkje likar hytteeigarar som kjem frå andre kommunar. Dei er eit naudsynt onde, ja vel. Dei gjev fart til lokalt næringsliv, og skattekroner i kommunekassen. Men:

Hugs for all del at om det skulle røyne på og de treng legehjelp, så har vi ikkje eit helsevesen kom kan hjelpe dykk.

Det skulle snart vise seg at det ikkje berre er hyttekommunar som har problem med hyttefolket.

Dei som ikkje har hytte likar ikkje dei som har hytte, og no har dei fått ei legitim sak som kan nyttast til å gje hyttefolket ei på tygga. Det skjer stort sett på Facebook, Instagram og Twitter. Det kan sjå slik ut:

– Kor mange bestemødrer må døy for at vi ikkje skal øydelegge ferien for desse hyttefolka?

Bak mykje av dette ligg ein myte om at hytte er noko særs eksklusivt. Noko berre ein liten elite med Norrøna-gamasjer og Regatta-seildress i boden har tilgang til, skriv ansvarleg redaktør Eirik Langeland Fjeld. Foto: Privat

Dei får sjølvsagt god draghjelp frå eit visst segment hyttefolk som markerer seg mest med råkøyring på RV 52 til Hemsedal og brautande afterski-festing på Stavkroa (som har plass til 1500 gjestar).

No seinast er det kome for ein dag at hytteforakta har spreidd seg til hyttefolket sjølv.

Bakgrunnen er ein usann påstand om at Bærum kommune stoppa vaksinasjonsplanen sine i påska - av di folk heller ville på hytta enn å ta vaksinasjon - som spreidde seg raskt i sosiale medium.

Det stemte ikkje. Vaksinasjonen i Bærum er ikkje utsett for at klysete hytte-bæringer (den absolutt verste grupperinga innan hyttefolket) med enorme palass på fjellet, skal få reise på hytteferie.

Omkvedet blant hyttefolket - mot hyttefolket er:

- Eg er rysta. Vaksineringa må fortsette gjennom påskedagane. Det er nesten så eg vert for hytteforbod, eg òg. Og dette er skrive frå hytta!

Bak mykje av dette ligg ein myte om at hytte er noko særs eksklusivt. Noko berre ein liten elite med Norrøna-gamasjer og Regatta-seildress i boden har tilgang til.

Men SSB-tal frå 2015 syner at til saman fire av ti hushald eigde eller hadde tilgang til fritidsbustad. 26 prosent av hushalda eigde fritidsbustad.

I Vestland fylke er det Alver som er den største hyttekommunen (3553 hytter). På 15. plass finn vi Gulen (973 hytter), medan Osterøy ligg på 21. plass (784 hytter).

Oppsummering: Konfliktlinene i hyttesaka er fleire.

Det er, mellom anna, by mot land, fattig mot rik, høg kulturkapital mor låg kulturkapital, lokalbefolkning mot hyttefolk, grunneigarar/utbyggjarar mot lokalbefolkning og hyttefolk mot hyttefolk.

Det som ligg fast er at det er forskjell på folk. Nokon har hytte, nokon har båt, nokon trivst best heime. Korona eller ikkje.

Nokon kunne tenkt seg å eige hytte eller eit naust eller ein båt, men har ikkje råd. Forskjellane i Norge har vorte større under pandemien. Det er alvorleg.

Det som er nytt er at hyttehatet har kome ut i ope lende. Pandemien reiv plasteret av det skjulte hytte-såret i den norske folkesjela.

I desse dager er det eittårsjubileum for Ole Irgens sitt innlegg i BT med tittel «Så lenge vi får komme oss på hytten».

Innlegget er eit godt døme på kva som bobla til overflaten i mars i fjor. Han skriv om hyttefolket:

Vi skal «se på hverandre over rødvinsglassene og kjenne på at vi mest av alt gir faen, at vi egentlig gir en blank og ærlig faen i alle dere andre der ute, vi gjør jo det.»

Tolv månader seinare er korona-jakta på den norske hyttedraumen framleis ikkje over.

Det er visst imperativt at tidvis smittepress sentralt på Geilo, i Hemsedal, i Trysil og ein del strok utover langs Ytre Oslofjord får konsekvensar for eigarar av kvar ein raudmåla stove i det langstrekte landet vårt.

Men på kvart sitt saueskinn sit hytte-Noreg og veit dette:

Det er langt frå Stavkroa til Seim i Alver eller Vassdal i Osterøy.

Og, forresten. Dette er skrive frå hytta.

Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør