– Trenda kjem i frå Sverige og starte for ca to år sidan. No har den spreidd seg som eit internasjonalt fenomen over heile verda. Og no altså til Knarvik!

Å plogge vil seie å plukke boss samstundes som du joggar. Med joggesko og skikkelege arbeidshanskar la 5. klassingane ut frå barneskulen via Kinarestauranten og Rema 1000, før ei runde rundt Kvassnesstemma og tilbake. Ei lengre løype fekk dei ikkje tid til, med berre to gymtimar til rådigheit.

5. klassingane var rysta! Dei plukka meir enn dei jogga, og fylte den eine posen etter den andre. Det var faktisk berre rundt Kvassnesstemma dei kunne jogge meir enn 5 meter før dei måtte stoppa opp.

RYDDA: 5B ved Knarvik barneskule plukka boss i nærområdet sitt.

– Kven kastar alt dette bosset?

– Eg trur vi må gjere dette kvar veke! Det er jo så mykje!

Vel tilbake til skulen var posane fylte med flagg, telt, brusbokser, vinflasker, raketter og til og med ei verandapute i tillegg til masse plastikk og papir.

No oppfordrar elevane i 5. klasse andre skuleklasser til å gjere det same.

– Vi må stå saman og redda verda vår! Å plogge er enkelt, effektiv og gøy! Kven er med?

RYDDA: 5B ved Knarvik barneskule plukka boss i nærområdet sitt.