Det stundar mot val, og for Alver kommune sin del vert det det første lokalvalet i historia! Det gjer det ekstra spanande.

Kjem bygdene til å mobilisere? Kjem folk til å røyste på sine eigne - altså slik at folk i Lindås røystar på kandidatar frå Lindås, folk i Meland røystar på kandidatar frå Meland og folk i Radøy røystar på kandidatar frå Radøy?

Saman med Reservebenken og Strilabiblioteket inviterar Strilen deg til valdebatt i Knarren, Knarvik vidaregåande skule klokka 1900–2130 onsdag 21. august.

I panelet sit desse: Øyvind H. Oddekalv (AP), Jon Askeland (SP), Morten Klementsen (Folkeaksjonen Nei til mer bompenger), Nina Stabell Øvreås (FRP), Nils Marton Aadland (H), Astrid Aarhus Byrknes (KRF), Leif Johnsen (MDG), Hendrik Weber (Rødt), Torbjørn Taranger (SV) og Sveinung Toft (V).

Eg skal freiste å styre ordet

Har du forresten spørsmål til panelet? Send det til meg, så skal eg ta det vidare til valdebatten og politikarane i panelet. Eg kan ikkje love at alle innsendte spørsmål vert tekne opp i plenum, men vi skal få tid til ein god del.

Send spørsmålet ditt til eirik.langeland.fjeld@strilen.no. Spørsmålet må vere konkret, og det kan vere til ein, fleire eller alle i panelet.

For meg er dette vetle julaftan i lokaldemokratiet. Når julaftan er? Jau, det er valdagen 9. september.

Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør, Strilen