Den siste leiarartikkelen har allereie stått på trykk i Strilen. Det skjedde i førre veke.

Strilen tar farvel med ein lang tradisjon i norsk presse når me no seier farvel til dette faste innslaget i avisa.

Så, kva skjer no? Skal ikkje lesarane finne meinings- og debattstoff i lokalavisa lenger?

Å, joda! Det vert i alle fall ikkje mindre slikt stoff framover. Mitt håp er at me skal klare å få på plass meir av denne typen stoff i Strilen.

Du vil framleis finne eit innlegg om ei lokal sak eller problemstilling på side to i papiravisa. På strilen.no - under Meiningar - finn du òg dette, og andre innlegg.

Me som jobbar i redaksjonen i Strilen skal fortsett skrive kommentarar om kva me meiner, og som kan setje dagsaktuelle saker i ein samanheng. Forskjellen vil vera at framover kjem du alltid til å vite kven i redaksjonen som har skrive det du les.

I Strilen-redaksjonen har me ulike meiningar. Me stemmer på ulike parti når det er val. Me har ulike livssyn. I selskapet som eig Strilen jobbar det folk som har sine synspunkt.

Kven er det eigentleg ein journalist eller redaktør meiner noko på vegner av, når han eller ho skriv ein leiarartikkel?

Er det redaktøren eller sjefsredaktøren som skal få lufte sine personlege standpunkt, og klistre avisa sin logo på dei? Er det dei tilsette som skal føre i pennen eigarane sine meiningar? Eller bør avisene vere knytte til eit parti, og leiarartiklane gje uttrykk for dette partiet sitt syn?

Det siste var faktisk tilfelle i mange aviser for berre eit par tiår sidan, men eg har ikkje høyrt nokon som ynskjer seg tilbake til den ordninga.

No kan redaktør, nyheitsleiar og journalistar slutte med å omtale seg sjølve som «me» på side to i avisa. Me skriv på vegner av oss sjølve, og som tilsette i Strilen.

Enkelte seier at journalistikken skal vere objektiv. Eg trur ikkje at det finst ein objektiv journalistikk. Eg trur på eit opplyst offentleg liv, der folk kan møtast til meiningsbryting.

Frå og med denne veka kjem du til å finne subjektive meiningsinnlegg frå redaksjonen i Strilen på side to i papiravisa, og du kjem til å vite kven det er som har skrive dei.

Når du veit kven som er avsendaren, er det òg lettare for deg som lesar å svare.

Til sist: Velkommen til debatt i Strilen!

Spiss pennen, lad PC-en eller finn fram mobilen, og send oss meininga di! Adressa er: desk@strilen.no.

Kravet er at du skriv om lokale saker, og at du er sakleg. Som hovudregel må du signere med fullt namn.

Køyr ordskifte!

(Denne kommentaren stod på trykk i papirutgåva til Strilen 20. mars 2018).

Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør