Lesarbrev: Vi sporar kontaktane til alle som får påvist koronaviruset

Vi har gode rutinar for dette og driv kontaktoppsporing for alle våre innbyggjarar som får påvist viruset, skriv Terese Folgerø, kommuneoverlege og smittevernoverlege i Alver kommune.

Publisert: Publisert:

Terese Folgerø, kommuneoverlege og smittevernoverlege i Alver kommune, har skrive dette lesarbrevet. Foto: Ingunn Gjærde, Alver kommune

  • Terese Folgerø
  • Kva er du opptatt av? I Strilen er du alltid velkommen til å skrive historiene og meiningane dine

I ei tid der mykje er nytt og ukjent, er det godt når nokon har mot til å stå fram og dele historia si. Det gir nyttig kunnskap – både til oss som jobbar med å handtere koronasituasjonen og befolkninga elles.

Difor vil eg også starte med å takke ekteparet Kari og Folkvard Nævdal!

I innlegget, som først vart publisert på nettavisa til Strilen i slutten av mars, undra ekteparet seg over at ingen frå kommunen hadde kartlagt kven dei hadde vore i kontakt med etter at dei fekk påvist smitte.

På grunn av teieplikta vår, kunne vi ikkje svare på dette. Men i ettertid har fastlegen snakka med ekteparet, som har gitt oss lov til å fortelje kva som skjedde.

Les også

Lesarbrev: Innbyggjarane må få vita kva rutinar som gjeld i slike tilfelle

Les også

Lesarbrev: Koronasjuk, dag for dag

Først: Kontaktoppsporing er kommuneoverlegen sitt ansvar. Det betyr ikkje at eg gjer jobben sjølv, men det er mitt ansvar at det skjer på riktig måte – og i tråd med det som til ein kvar tid er Folkehelseinstituttet sine retningslinjer.

Vi har gode rutinar for dette og driv kontaktoppsporing for alle våre innbyggjarar som får påvist viruset.

Det varierer kven som gjennomfører kontaktoppsporinga. Vi tilpassar oss situasjonen i kvart tilfelle. Vi har eit spesialtrent team på koronasenteret med lege og sjukepleiarar, som testar og følgjer opp dei som blir testa. Som oftast er det dei som driv kontaktoppsporinga. Andre gonger kan vi avtale med fastlegen eller spesialisthelsetenesta på sjukehuset (om pasienten er innlagt) at dei registrerer kontaktane.

I ekteparet Nævdal sitt tilfelle, var det fastlegen som intervjua dei om nærkontaktar. Heldigvis forstod ekteparet at reisa deira kunne utgjere ein risiko, og tok på eige initiativ forholdsreglar etter at dei kom heim frå utlandet. Dei heldt avstand til andre og var for det meste heime hos seg sjølv. Dette gjorde at kartlegginga var fort gjort. Vi skjønar at ekteparet venta at nokon andre skulle spørje dei om kontaktane, men fastlegen utførte dette etter avtale med kommuneoverlegen.

Arbeidet med kontaktoppsporing er ein viktig del av jobben med å redusere smittespreiinga.

Det er ein omfattande jobb, men han har blitt mindre omfattande etter kvart. Folk flest gjer som ekteparet Nævdal – begrensar sosial kontakt og er flinke til å følgje råda frå nasjonale helsestyresmakter.

Råda frå Folkehelseinstituttet blir stadig oppdatert etter kvart som situasjonen endrar seg og vi får meir kunnskap. Det er difor viktig at folk følgjer med og held seg oppdatert på siste nytt om råd og retningslinjer.

Terese Folgerø, kommuneoverlege og smittevernoverlege i Alver kommune

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Få søkarar til jobb som undervisnings­inspektør

  2. Elias (14) hadde englevakt etter badeulykke

  3. Mann ville ikkje til Knarvik – slo bussjåfør tre gonger

  4. Dette blei prisen for Fensfjordbygget

  5. Melder kommunen til politiet

  6. Tilsettinga av ny næringssjef stranda på oppløpssida

  1. Lesarbrev
  2. Folkehelseinstituttet
  3. Alver
  4. Koronaviruset
  5. Debatt