I år vil eg høyre meir frå deg

Meininga di betyr noko. Derfor håper eg at du vil sende oss dine lesarbrev.

Foto: Berit Roald / NTB

  • Siv Berg Lutro
Publisert:

Synspunkt: Vi har endeleg starta på eit nytt år. Blanke ark, nye moglegheiter og nye opplevingar står for døra.

Og kanskje dette er året du leverer ditt første lesarbrev til Strilen? For dette året håpar eg at du som lesar vil bruke oss til å dele dine meiningar.

Det kan vere store tema eller små tema, det einaste kravet vi har er at det må ha ein lokal knagg. Innlegg som handlar om Oslo-politikk er ikkje så aktuelt for Nordhordland eller Gulen, men innlegg som til dømes handlar om utviklinga av Knarvik vil bli betre lest av Strilen-lesarane.

Vil du skryte av dei tilsette på lokalbutikken din? Er du lei av den dårlege vegen som aldri blir fiksa? Kva bør lokalpolitikarane prioritere? Korleis skal framtida til Alver, Masfjorden eller Fedje sjå ut? Kva er det vi manglar i Austrheim eller i Gulen? Fortel oss kva du meiner!

Vi tar også gjerne imot lesarreportasjar. Har du opplevd noko spennande? Gav korpset eller koret deg ei fantastisk musikalsk oppleving? Var teaterstykket så bra at fleire må få høyre om det? Noter det ned og send det inn til oss! I ein lesarreportasje er det alltid kjekt å få med bilde frå arrangementet.

Er du usikker på korleis du skal få fram poenga dine, kan du alltid ta kontakt med oss, så kan vi kome med innspel til korleis du kan løyse det.

Her er nokre gode tips til skrivinga:

  • Skriv så lett og engasjerande som du klarer, men ver språkleg presis.
  • Føreslå ein kort tittel og ingress (innleiing) som skaper interesse og som problematiserer det du skriv om.
  • Kan du aktualisere teksten ved å vise til ei fersk eller viktig hending?
  • Få inn konkrete eksempel i teksten.
  • Formuler gjerne innlegget slik at ein person eller institusjon kjenner seg forplikta til å svare.
  • Kan du spisse hovudpoenget ditt mot slutten og finne ein god «punchline»?
  • Unngå fagterminologi eller framandord som ikkje blir forklart. Ikkje vis til faglitteratur.
  • Hald teksten på 3000 teikn med mellomrom eller kortare. Det er betre å skrive kort og godt, slik at alle får med seg bodskapet.
  • Legg gjerne ved eit bilde eller to, helst i breiddeformat.

Både innlegg og lesarreportasje kan du sende inn via denne lenka, eller til debatt@strilen.no.

Eg håper å høyre frå deg dette året. God skrivelyst!

Siv Berg Lutro,
nyheitsredaktør i Strilen

Publisert:
  1. Synspunkt
  2. Debatt
  3. Nordhordland

Mest lest akkurat nå

  1. Starta friskt for ni månader sidan, men no er det stopp

  2. No ventar to år med arbeid på E39

  3. Må klare seg utan førarkort – fryktar for jobben

  4. Skal ha gått rundt og tatt på jenter ned i 14-årsalderen

  5. Felles frieri for å få 2000 nye arbeidsplassar

  6. Nytt smittetilfelle – slik er smittesituasjonen lokalt