Kven i all verda har bestemt at «Innbyggjarservice» i Alver kommune skal liggja i den mest bortgøymde kråa som finst i Knarvik senter?

For nokre år sidan brukte Lindås kommune fleire titals tusen på og rusta opp kundemottaket i Lindås rådhus. Kva skal dette brukast til no?

Sist, men ikkje minst, er det også ei prinsippiell side ved det å flytta kontaktpunktet mellom innbyggjar og kommune frå rådhusbygget til eit kjøpesenter.

Anna K. Valle, innbyggjar