Gode Statsminister, vener og samarbeidspartnarar frå næringslivet

Velkommen til Lindås og Solholmen.

Mitt namn er framleis Astrid Aarhus Byrknes og eg har hatt det ærefulle oppdraget med å være ordførar i Lindås kommune i snart tre periodar og saman med Meland og Radøy ordførarane vært ein del av prosessen med å samle Lindås, Meland og Radøy kommune til ein ny storkommune. Eit lærerikt arbeid, eit spanande arbeid, men også krevjande arbeid.

Vi er godt i gong med byggjeprosjektet å byggje ny kommune, men arbeidet vil sjølvsagt fortsette langt utover 1.1.2020. For frå nytt år av blir Alver kommune Vestland sin fjerde største kommune. Vår visjon er at Alver kommune skal vere ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggja fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling.

Sidan 1990 har den samla folketalsauken i «Alver kommune» i perioden 1990-2019 vore på nesten 40%.

Alver vil forhåpentlegvis – og det skal ikkje stå på meg i alle fall fortsette det samarbeidet vi har i Nordhordland og Gulen både med kommunane og vårt flotte næringsliv i regionen.

Vår viktigaste felles fanesak for regionen er Ny vei E 39 Klauvaneset - Vågsbotn . Den er altfor viktig for å kunne ofrast for ein politisk agenda. Vegen vår skulle vore bygd i går og vegen vår er viktig for heile regionen for å få nødvendig utvikling, vekst og ikkje minst bidra til at våre etterkommarar vil busetje seg i Nordhordland og Gulen.

For å gå litt til min eigen kommune Lindås så har Næringslivet i kommunen sterke industrielle tradisjonar, der aktiviteten på omkring Mongstad har vore lokomotivet i næringslivet vårt i mange år.

Statsministar Erna Solberg (H) var måndag på besøk. Foto: Anders Totland

For Alver vil det å byggje grøn konkurransekraft vere avgjerande for å skape eit berekraftig, attraktiv og nyskapande næringsliv. Mongstad vil vere ein viktig motor som huser ein av Norges største energi industriparkar, med over 100 bedrifter og nærmare 3000 arbeidsplassar og verdens mest avanserte teknologimiljø for CO2 fangst.

Lindås kommune har saman med Næringslivet satt i gang eit felles utviklingsprosjekt knytt til Sirkulær økonomi som skal leggja ein strategi for vidare næringsutvikling og nyskaping basert på den kompetansen, næringslivet og teknologien vi har bygget opp gjennom våre naturressursar og energikompetanse.

Eit viktig og riktig arbeid ligg framfor oss.

Så har regjeringa fjerna eigedomsskatten på verk og bruk. Til glede for mange, men også til frustrasjon for kommunane som ynskjer å vere gode vertskommunar og har brukt eigedomskatten til det. Når det blei som det blei, vil eg takke for at regjeringa har lytta til ordføraren. Kompensasjonsordninga som stortinget har vedteke skulle på plass som kompensasjon for bortfall av eigedomskatt er nå i tråd med det Lindås har tatt opp i departementa . Vi som taper desidert mest, får mest igjen – tilnærma full kompensasjon. Desse inntektene er superviktige for Lindås og ikkje minst for Alver kommune. Eg går utifrå at ordninga fortset slik framover kvart år, og når også ordninga skal vere ei varig ordning så lover det bra!

Kommunane treng forutsigbarhet i rammene frå staten til både tenesteutvikling for innbyggjarane, men også til ei framtidig berekraftig omstilling. Vi vil vere innovative og skape framtidas tenester.

Bærekraft er viktig og då må eg kome inn på ei av mine viktigaste hjartesaker for regionen; vindkraftutbygginga, eller den omtala rammeplanen for vindkraft som nå er på høyring.

Vi vil være med å ta ansvar for at Norge oppnår sine nasjonale klimamål, men vi anser at fornybar energi ikkje skal gå på bekostning av urørt natur og biologisk mangfald.

Nyleg har Nordhordland fått status som eit UNESCO Biosfære område – eit område for bærekraft, det første i Norge og det å plassere vindmøller i urørt natur meiner eg strider imot ei bærekraftig utvikling. Det har vore og er eit stort engasjement frå våre innbyggjarar som er imot vindkraft i urørt natur. Vi har som politikarar eit ansvar å lytte til våre innbyggjarar og vi har eit ansvar for å ta vare på vår natur til framtidige generasjonar.

Her har eg som ordførar engasjert meg sterkt og vil ikkje gje meg før eg har vissheit på at vår urørte natur står trygt, til framtidige generasjonars glede. I dette arbeidet er vi samla og tverrpolitisk einige i Nordhordland og Gulen. Eg er som lokalpolitikar men også som den fagpersonen eg er, opptatt av at eit berekraftig samfunn skal skape gode levekår og fremje god folkehelse til alle dei som bur i kommunen. Difor har Lindås kommune vore tidleg ute med å satse på Velferdsteknologi. Vi var ein av dei fyrste pilotkommunane i Noreg og har implementert dette inn i heile helse og omsorgstenesten. Vi er ikkje mindre enn leiande i landet på dette feltet.

I tråd med de nye Stortingsmeldinga «Helsenæring» vil vi nå sjå korleis vi kan skapa ny næringsutvikling og smartare omsorgstjenester gjennom nytt partnarskap og samarbeid mellom det private og det offentlege. I slutten av 2020 opnar Nordhordland Helsehus som kan vere ei viktig motor for eksisterande næringsliv og ny næringsutvikling på helsefeltet.

Vi har mykje på agendaen i Alver, Nordhordland og Gulen, og vil ta dei moglegheitene som ligger framfor oss for utvikling og vekst.

Eg ønskjer Statsministeren og alle gjestar ein fin samlingsstund her på vakre Solholmen og bruk anledninga til å utforske nye bekjentskap.

Takk for meg.

Astrid Aarhus Byrknes, ordførar Lindås kommune (KrF) og ordførarkandidat Alver KrF