• For å sende oss bilde, kan du merke dei på Instagram med #Strilen (du må ha open profil for at vi skal kunne sjå bilda).

  • Du kan også sende dei til tips@strilen.no.

På denne tida i fjor tenkte eg at nasjonaldagen 2020 kom til å bli skriven inn i historiebøkene som det eine året der alt var snudd på hovudet. Det eine året der det ikkje var lov å klemme kvarandre eller gå tett i tett i tog medan vi veiva med det norske flagget.

Men så sit vi her i år igjen, med endå ei annleis 17. mai-feiring i vente.

For årets 17. mai-feiring blir ikkje slik vi er vane med. Det blir ingen store folkesamlingar, tettpakka tog eller klemmar til venner, familie og bekjente.

Men det blir likevel 17. mai, for det kan i alle fall ikkje eit virus ta frå oss.

Rundt om i bygdene i Nordhordland og Gulen har mange arrangørar spikra saman flotte program som tar omsyn til smittevernreglane.

Sjølv om vi ikkje kan stå samla og tett i tett, er det likevel mykje kjekt å oppleve denne dagen – heldigvis. For 17. mai må sjølvsagt markerast.

Det er mellom anna fleire bilkortesjar og båtkortesjar, digitale sendingar og oppmoding om å synge nasjonalsongen saman, men på kvar vår kant, klokka 12.

Vi i Strilen har sjølvsagt journalistar på jobb for å dekke stort og smått.

Men uansett kor flinke journalistane våre er, så klarer vi ikkje vere overalt til ei kvar tid. Derfor håpar vi at lesarane våre vil hjelpe oss med å sende inn bilde, video og tips frå 17. mai-feiringa.

I år kjem vi til å premiere ein av dei som har sendt oss bilde frå feiringa. Strilen vil sjå gjennom alle bilda vi har fått inn, og kåre ein vinnar som vil få eit gåvekort på 1000 kroner frå avisa.

For å sende oss bilde, kan du merke dei på Instagram med #Strilen (obs, du må ha open profil for at vi skal kunne sjå bilda). Du kan også sende dei til tips@strilen.no. Videoar kan du gjerne laste opp her (når alternativet kjem opp: Send til tips@strilen.no eller vel «Få en kobling»).

Sjølv om det blir nok ei annleis feiring, så håpar eg at du og dine likevel vil få ein flott dag i (forhåpentligvis) opphaldsvêr og kanskje til og med litt sol?

Første halvdel av 2021 har dessverre blitt slik store delar av 2020 har vore, men snart ser vi slutten på pandemien.

Og neste år gler eg meg til tidenes 17. mai-feiring.

Siv Berg Lutro, nyheitsredaktør i Strilen