Lesarbrev: Ros til politiet i Nordhordland

Me har ein politietat i regionen som er heilt i norgestoppen når det gjeld oppklaring av vinningsbrotsverk, skriv Per Lerøy i dette lesarbrevet.

Publisert: Publisert:

Per Lerøy kjem med ros til politiet i Nordhordland. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

  • Per Lerøy
  • Kva er du opptatt av? I Strilen er du alltid velkommen til å skrive historiene og meiningane dine.

Eg vil gje honnør og ros til politiet i Nordhordland.

For nokre veker sidan prata eg med ein nabo som var uroa over alle tjuveria av påhengsmotorar i Nordhordland. «Roa deg ned, desse tjuveria vil snart bli oppklarde», svara eg. «Trur du verkeleg det», var reaksjonen hans. «Ja», svara eg, «eg er overtydd om at Kjell Idar Vangberg og hans medarbeidarar set si æra i å oppklara desse brotsverka og at dei brukar dei ressursane som trengst for å setja ein stoppar for ugjerningane».

Les også

No vil politiet sette ein stoppar for påhengstjuveria

Les også

Dette tjuvgodset fann politiet i konteinarane

Det gjekk raskare enn eg hadde trudd, få dagar etter samtalen vår kunne eg lesa i lokalavisa at to personar var pågripne på fersk gjerning. I tillegg var ein tredje person også arrestert i saka.

Fantastisk, det er slik me har det i Nordhordland. Me har ein politietat i regionen som er heilt i norgestoppen når det gjeld oppklaring av vinningsbrotsverk. Det skal me setja stor pris på og vera takksame for.

Er du kriminell, gjer du lurt i å halda deg langt unna Nordhordland med mindre du har eit brennande ønskje om å hamna bak lås og slå.

Som ordførar har eg i mange år hatt gleda av å samarbeida med det lokale politiet. Gjennom arbeidet i politirådet har lokale politikarar og representantar frå kommuneadministrasjonane, blitt orientert om utfordringane politiet har avdekka i regionen. Frå kommunalt hald har me utfordra politiet i saker me har vore bekymra for. For Austrheim sin del har dette blant anna vore knytt til uvettig bilkøyring og til rusmisbruk blant unge. Dei sakene me har teke opp frå kommunalt hald, har alltid blitt prioritert av politiet og me har sett at desse prioriteringane har resultert i forbetringar i lokalmiljøet.

I tillegg til at politiet prioriterer dei lokale sakene me tek opp i politirådet, gjer dei også eit stort og viktig førebyggjande arbeid. Mykje av dette er retta mot ungdomsmiljøet. Me har mellom anna eit svært godt samarbeid mellom skulane våre og politiet.

Effekten av samarbeidet og av politiets sitt arbeid, er at me i Nordhordland bur og lever i eit trygt og godt miljø. I Nordhordland skal me vera stolte av at me har ein politietat med dyktige og dedikerte leiarar og medarbeidarar som set tryggleiken til oss innbyggjarar i sentrum. Her søv me trygt om natta.

Beste helsing,

Per Lerøy

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Få søkarar til jobb som undervisnings­inspektør

  2. Elias (14) hadde englevakt etter badeulykke

  3. Mann ville ikkje til Knarvik – slo bussjåfør tre gonger

  4. Dette blei prisen for Fensfjordbygget

  5. Melder kommunen til politiet

  6. Tilsettinga av ny næringssjef stranda på oppløpssida

  1. Lesarbrev
  2. Nordhordland
  3. Per Lerøy
  4. Austrheim
  5. Debatt