Me har store forventningar til at me får eit fantastisk arrangement med mange fantastiske talent som vil bli vist fram av ungdomar.

UKM er eit flott arrangement der ungdom kan komme og vise fram sine talent og det kan vere kva som helst. Ein kan synge, vise frem kunst, spele i band, danse, spele instrument, ta bilder, vere konferansier og mykje anna. Alle har eit talent inni seg og UKM er ein flott plass der du kan komme og vise den fram for andre.

Her får ungdom også sjå på andre sine talentar og møte nye folk. Me har eit profesjonelt husband som skal vere backup for dei som skal synge.

Lokalmønstringa i Nordhordland er laurdag 1. februar kl. 12.00 i Storstova på Leiknes skule. Det er gratis å delta og det kostar ingenting å komme å sjå på.

UKM Nordhordland er eit samarbeidsarrangement mellom kommunane Alver, Austrheim, Masfjorden og Fedje.

Visst du har lyst å melde deg på, kan du gå inn på ukm.no og registrere deg.

Fristen for å melde seg på er torsdag 16.januar. Aldersgrensa for å delta er 10- 20 år, og ein må vere busett i ein av arrangørkommunane.

Ynskjer du meir informasjon, så sjekk ut facebooksida vår UKM Nordhordland. Kontaktinformasjon til kommunekontaktar finn de på UKM.no.

Me er ei gruppe på 12 unge arrangørar som gler oss til ei kjekk mønstring saman med andre ungdommar i Nordhordland.

Me gler oss til å sjå nye og gamle fjes, lære nye ting og komme saman og arrangere eit av dei største kulturarrangementa for ungdom i Nordhordland.

Edas Kondrotas, 15 år og er ung arrangør knytt til UKM Nordhordland.