Takk for i år!

2017 er på hell. Om nokre dagar er også dette året forbi, og det er «2018» som skal stå sist i datolinja.

Publisert:

MED EIT SMELL: 2018 startar med eit smell av fyrverkeri. Me nyttar sjansen til å takka for 2017.

  • Strilen Redaksjon
Denne artikkelen er over to år gammel

Årsskiftet er ei fin tid til å sjå framover, setja seg mål og planlegga korleis ting kan bli i det nye året. Eit nytt år er som eit blankt ark, kanskje ein sjanse til å starta på nytt på enkelte område. Det er sikkert mange som vil snu på gamle vaner anten det er sigarettrøyking eller lite trening, som kanskje er dei to vanlegaste «nyttårsløfta».

Men nyttår er også ein fin sjanse til å sjå tilbake. Og til å seia takk. For å starta med det næraste: Her i avisa må me takka alle som hjelper oss med å få nyheitene heilt fram til lesarane. Framleis er det mange som likar å ha ei papiravis å halda i, og det krev innsats i frå ganske mange fleire enn for ei nettsak. Medan ei sak på nettet går «beinvegen» frå våre fingrar til din skjerm, vert ei papirside overført til trykkeriet i Drotningsvik vest for Bergen. Der vert ei pdf-fil gjort om til ei plate, som skal monterast på rett plass før papiret kan blåsa gjennom maskineriet. Ferdig trykka og pakka skal avisa kjørast ut til abonnentane, anten ved hjelp av avisbod som er på jobb medan dei aller fleste søv, eller levert av landpostboda. Takk skal de ha for hjelpa.

Typisk for avisbod-jobb er at ingen tenkjer på den så lenge alt går i orden. Det er først når noko ikkje fungerer at me tenkjer på at dette er ein jobb nokon må utføra. Slike jobbar er det fleire av i samfunnet vårt. Som renovasjonssjåførane, som kjem og tømmer dunkane våre med mat-, papir- og restavfall. NGIR måtte dette året hanskast med ein konkurs hjå ein underleverandør, men det påverka knapt bosshentinga. Takk skal de ha.

Og ikkje minst takk til alle som har tunge jobbar i samfunnet vårt. De som kjører rundt i bygdene og ser etter dei av våre gamle som treng stell og besøk. De som jobbar på sjukeheim og har tilsyn med sjuke og demente. De som patruljerer vegane våre og lukar vekk dei med promille, og som møter dei som har komme feil ut i livet. Takk for det.

Og så er det alle dei jobbane som eigentleg ikkje er jobbar. Det som vert gjort på dugnad, anten det er for koret, bygdelaget, idrettslaget eller korpset. Alle kioskar som skal bemannast, pølser som skal serverast og kaffi som skal trekkast. Organisasjonslivet og dugnadsinnsatsen derifrå er noko av det som heldt samfunnet vårt saman. Som gjer det mogleg å springa Knarvikmila eller går på dans i Hordabøhallen. Tusen takk til alle saman.

Og for å slutta med det som er nærast oss sjølve: Alle de som les sakene våre på nett eller papir, og som slik er med på å støtta opp om journalistikken vår. Me er sikkert ikkje samde i alt, og vert det nok ikkje i 2018 heller. Men takk uansett, det er de som gjer jobben vår mogleg.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Forretningsmann kjøper golfbana

  2. Dei er allereie gode på vasskraft. No vil dei ha datasenter.

  3. Går frå folkeaksjon til folkeparti

  4. Ho er ny lege i Austrheim

  5. 16 tatt for fart på E39

  6. 250 år, fire timar, eit piano og mykje antibac

  1. Knarvik
  2. Nordhordland