Ja takk, begge delar

Av og til er det lov å vera litt Ole Brumm.

Publisert: Publisert:

Foto: STATOIL

  • Strilen Redaksjon
Denne artikkelen er over to år gammel

I Strilen i dag kan du lesa om den årlege næringslivssamlinga «Kva no», der lokale aktørar inviterte foredragshaldarar og lokale næringsaktørar til å løfta blikket og sjå litt meir prinsipielt på framtida.

Les også

- For mykje tru på olja

To av innleiiarane på årets samling etterlyste, kvar på sin måte, fleire gründerar i Nordhordland. Meland-politikar Karina Garnes Reigstad (MDG) vil ha større vilje til å satsa på anna enn olje og gass - og då spesielt berekraftig og framtidsretta næringsverksemd med miljøretta vinkling.

Seimaren Einar Vaage, som jobbar i den digitale konsulentbedrifta Atea, kasta ein liten brannfakkel inn i debatten ved å hevda at Mongstad-utbygginga på mange måtar knekte gründerkulturen i distriktet.

Les også

Meiner Mongstad kvelte gründerane

Me er tilbøyelege til å gje dei to rett på eitt punkt: Oljeeventyret har ikkje berre vore ei velsigning for Nordhordland, sjølv om det er vanskeleg å sjå føre seg at me hadde vore der me er i dag utan Mongstad. Kamp om arbeidskraft og kunstig høgt lønsnivå er noko av det som har vore utfordrande for andre aktørar i det lokale næringslivet.

Samtidig er det klart at mange underleverandørar har levd godt på Mongstad, og dermed kanskje synda i forhold til å skaffa seg fleire bein å stå på. At olje- og gassnæringa sin dominans i Nordhordland har gjort det enklast å etablera nye bedrifter innanfor denne sektoren, er sjølvsagt.

Det viktigaste me må ta med oss frå Garnes Reigstad og Vaage er etter vårt syn at me må no, om me ikkje allereie har innstilt oss slik, ha to tankar i hovudet og begynna omstilling samtidig som me utnyttar det konkurransefortrinnet olje- og gassnæringa gir.

Ressursane på norsk sokkel er ikkje fornybare. Me skal ikkje her ta debatten om kor lenge ein skal halda fram utvinning og kor miljøvennleg eller -fiendtleg slik utvinning eventuelt er. Men det er viktig at me nyttar teknologi, kompetanse og samspelsmuligheiter til å utvikla næring som kan leva lenge etter Johan Sverdrup og aktiviteten på norsk sokkel.

Me vil likevel åtvara mot å dømma olje- og gassnæringa nord og ned for tidleg. For det første fordi me her kan finna grunnpilarane til ny og berekraftig næringssatsing, men og fordi oljealderen langtfrå er over enno.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Skal steikja 14.560 sveler til Fjord1

  1. Norsk sokkel
  2. Johan Sverdrup
  3. Nordhordland
  4. Oljebransjen