Vestlandet tar ein Nordhordland

Er det rett at me skal bu i Vestlandet fylke?

Publisert: Publisert:

Her stemmer fylkespolitikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane ja til Vestlandet fylkeskommune.

  • Strilen Redaksjon
Denne artikkelen er over to år gammel

I Strilen tysdag kunne ein lesa om det historiske vedtaket som fylkespolitikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane gjorde på historisk grunn i Gulen: Dei to fylka skal slå seg saman og bli eitt.

Namnet dei har tatt er, frimodig nok, «Vestlandet». Dette har fått sunnmøringar og rogalendingar til å rasa. Dei bur òg på Vestlandet, hevdar dei, og likar å kalla seg vestlendingar når dei snakkar i breiare, geografiske termar.

Dette har dei sjølvsagt rett i. Og, når me tenkjer etter, har me ikkje vore oppe i tilsvarande problemstilling her lokalt? Då Lindås, Meland og Radøy laga det første utkastet til intensjonsavtale for samanslåing, var «Nordhordland» det såkalla arbeidsnamnet.

Også dette namnevalet skapte rabalder. Folk i Austrheim, Fedje, Modalen og Masfjorden hevda, igjen med rette, at også dei bur i Nordhordland. Korleis kunne då tre andre kommunar «kuppa» namnet?

Her i Nordhordland enda det heile med at dei tre ordførarane, som hadde gått i bresjen for å ta Nordhordland-namnet, offisielt avlyste denne varianten som førsteval. Deretter sette ein ned ei nemnd, og etter ein politisk prosess enda ein opp med Alver kommune som framtidig kommunenamn.

Hovudargumentet til motstandarane av Nordhordland som namn på tre av dagens kommunar, var, forutan «tjuveriet», det identitetsmessige og praktiske ved namnet. For det første: Folk i Nordhordland, som sunnmøringar og rogalendingar, har ein del av identiteten sin forankra i det geografiske namnet: Nordhordland og Vestlandet. Her har mange av dei røter generasjonar tilbake i tid.

Dessutan: Korleis skal til dømes ein rogalending forklare kor han er frå? Eg bur på Vestlandet, men ikkje i Vestlandet fylke. Eg er frå Vestlandet, men eg er ikkje frå Vestlandet fylke.

Fleire stortingspolitikarar har allereie vore ute og lufta skepsis mot namnevedtaket til Sogn og Fjordane og Hordaland. Me forstår skepsisen. Og: Me trur det heile endar på same måte som med kommunenamnet Nordhordland.

Då får me, om ikkje anna, ein godt namnekrangel til her vest...

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Har laga draumehagen gjennom tretti år

  2. Skal steikja 14.560 sveler til Fjord1

  1. Nordhordland
  2. kommunenamn