Redaktøren har ordet: Strilen har tilsett ein ny assistent

Og han et straum til frukost!

  • Eirik Langeland Fjeld
Publisert:

Det er mykje teknologien ikkje kan gjere for oss menneskjer. Kompleksiteten i den menneskelege hjernen har vist seg å vere vanskeleg å etterlikne og overgå.

Men teknologien er fantastisk, og klarer vi menneskjer å nytte han klokt ser framtida lys ut. Og kanskje kan ny teknologi gjere at vi kan får gjort meir enn før - altså ikkje at menneskjene vert erstatta, men at teknologien kjem i tillegg?

Kan til dømes ein liten redaksjon i ei lokalavis nytte eit automatisert dataprogram til å skrive enkle saker for seg? Saker som det elles ikkje hadde vore tid til å skrive?

Kva om vi kunne få ein skrivande robot til - kvar dag - å logge seg inn i offentlege register, hente ut data om dei siste bustadsala i eit gitt geografisk område for så å skrive sak om kvart enkelt bustadsal sett inn i ein historisk og statistisk samanheng?

Det er faktisk mogleg. Sei «hei» til Strilen sin boligrobot!

Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør Foto: Odd Mehus

Seks dagar i veka vil roboten framover sjekke om det er registrert nye bustadsal i Nordhordland og Gulen, og så skrive om dei sala han finn.

Du finn sakene frå roboten på adressa strilen.no/nyheiter/boligsalg. Etter kvart vil nokre av sakene òg dukke opp på forsida av strilen.no.

Eg må streke under at desse sakene kjem i tillegg til dei sakene dei dyktige Strilen-journalistane skriv. Robot-sakene kjem altså i tillegg til, ikkje i staden for, saker frå menneskje med hjarte for Nordhordland og Gulen.

Framover vil du òg finne eit klikkbart kart på strilen.no der du kan orientere deg i alle frie sal av bustader i Nordhordland og Gulen siste 60 dagar. Kartet vert oppdatert kvar dag.

Har du tips frå Nordhordland og Gulen til Strilen-redaksjonen om bustadmarknaden eller bustadpolitikk, eller om arkitektur og interiør? Send oss eit ord på redaksjonen@strilen.no. Har du bilete, set vi pris på det!

Når vi først er inne på nyvinningar for Strilen-abonnentar:

På strilen.no finn du no seks ferske oppgåver sju dagar i veka, 52 veker i året. Her er det kryssord, sudoku og ordjakt. Kryssord og sudoku finn du i ulike vanskegradar.

Eg vonar du finn nytte og glede i ein eller fleire av dei nye tenestene som no er tilgjengeleg for abonnentane våre!

Beste helsing
Eirik Langeland Fjeld,
ansvarleg redaktør

Publisert:
  1. Redaktøren har ordet
  2. Teknologi
  3. Nordhordland
  4. Robot
  5. Kryssord

Mest lest akkurat nå

  1. No er bygdefolket lei av det farlege krysset

  2. Her blir det byggestart til våren: – Kjempenyheit for Nordhordland!

  3. Alf Marius kapra draumejobben

  4. Filmskapar Øyvind Sandberg er død

  5. På tide å droppe stormannsgalskapen

  6. Er heime frå Spania – no blir ho prest i Nordhordland