Me må gje familiane ro

Denne veka kom dommen i ei særs stygg sak. Ein tidlegare lokalpolitikarar frå Nordhordland er dømt for overgrep mot tre mindreårige jenter.

Publisert:

  • Strilen Redaksjon
Denne artikkelen er over to år gammel

Kva for smerte dette må ha påført både jentene og familiane deira, er det vanskeleg for utanforståande å setja seg inn i.

Sunn fornuft tilseier etter vår meining likevel at me i media må visa omsyn når me omtaler slike saker. For å omtala saka, det er me pliktige til å gjera. I denne saka ikkje minst fordi gjerningspersonen gjennom sitt tidlegare verv som politikar er ein delvis offentleg person. Uansett er overgrepssaker så alvorlege at preventive omsyn tilseier presseomtale.

Me i Strilen har valt å leggja oss på ei linje der me heile vegen har spart lesarane for unødvendige detaljar i saka. Dette er ikkje for å skåna gjerningsmannen. Han er ein vaksen som må ta ansvar for handlingane sine, og offentleg omtale er ikkje meir enn ein må forventa når ein tilstår overgrep av denne typen.

Det er framfor alt tanken på offera, som i dette tilfelle er mindreårige jenter, og familiane deira som ligg til grunn for vurderinga. Offer og familiar er her utan skuld utsett for direkte og indirekte overgrep som er blant dei verste menneske kan utsetjast for. Å leggja stein til byrden ved å bretta ut intime detaljar frå avhøyr og dom, er ikkje noko me har lyst til å vera med på.

Ein skal òg huska på at gjerningsmannen i saka har familie, og born, som ikkje kan lastast for det han har gjort. At dei skal måtte lesa unødvendige detaljar, er etter vår meining heller ikkje rett.

Det er minst fire familiar som no treng ro og støtte i arbeidet med å byggja opp at ein kvardag som er til å leva med og i. Me ber om at alle gode krefter hjelper dei så godt ein kan i dette arbeidet. Skule, vener og nærmiljø kan kvar på sin måte bidra på positivt vis.

Det kan vera vanskeleg å vita kva ein skal gjera stilt ovanfor ei så vanskeleg sak. Då kan me kanskje minna kvarandre på at det å ikkje gjera noko sjeldan er det rette.

Publisert:

Flere artikler

  1. LEDER

    Mange utfordringar for dei nye partilaga

  2. NYHEITER

    Desse innlegga vart mest lest i 2018

  3. MEININGER

    «Me forstår lite av at det skal vere så vanskeleg å få til ein korrespondanse mellom desse to båtane»

  4. NYHEITER

    Politiet kjem med klare råd til russ og foreldre

  5. NYHEITER

    Matre skal få ny bru

  6. MEININGER

    «Trafikkulykkene rammar uvilkårleg»

  1. Overgrep
  2. Nordhordland