Syng ut! Kven fortener heider, ære og eit flott kunstverk?

Vi vil løfte og heidre det viktige næringslivet vårt!

Kilstraumen brygge AS var kandidat til «Årets bedrift» i 2019, men vann ikkje det året. Det gjorde dei derimot i år. Dagleg leiar Solveig Gudrun H. Lerøy har i fleire år kunne melde om gode resultat. Kven bør vinner «Årets bedrift 2022»?
Publisert:

Wow, for nokre år næringslivet har vore gjennom!

Pandemi, krig i Europa, volatile marknader, nedgang, inflasjon og auka utgifter.

Men òg vekst, innovasjon, omstilling og tru på framtida og stillare ver.

Ikkje minst: tilsette, leiarar og eigarar som har stått på for å levere best mogleg i krevjande og usikre tider.

Vi vil løfte og heidre det viktige næringslivet vårt! Kven stikk seg ut i Nordhordland og Gulen, og fortener heider og ære?

For 35. gong skal Sparebanken Vest og Strilen, i samarbeid med Nordhordland Næringslag, dele ut heidersprisen «Årets bedrift i Nordhordland og Gulen»!

Send oss forslag til kven som bør vinne den tradisjonsrike prisen for 2022. Fristen er 24. november klokka 1200.

Prisen for «Årets bedrift i Nordhordland og Gulen 2022» vert delt ut under arrangementet ««Nordhordland Awards» torsdag 26. januar. Nærmare informasjon om arrangementet kjem seinare i år.

Vinnaren får, i tillegg til heider og ære, eit nydeleg kuntsverk av gullsmed Hilde Rønning Rongevær.

Verksemda som vert kåra til årets bedrift, får dette kunstverket laga av Hilde Rønning Rongevær, Nordhordlandsbrua laga i sølv.

I juryen for Årets bedrift sit Baste Tveito (dagleg leiar i Nordhordland næringslag), Margunn Aas Minne (regiondirektør Hordaland, Sparebanken Vest) og Eirik Langeland Fjeld (ansvarleg redaktør, Strilen).

Juryen skal vurdere heilskapen i dei nominerte verksemdene, basert på desse kriteria:

Verksemda sin profil og omdøme, sal/marknadsføring, utvikling i økonomisk resultat, utvikling av produkt, kvalitetsstyring, HMS, skaping av nye arbeidsplassar, omstilling og nytenking, kompetanseutvikling og personal- og miljøtiltak.

Send kandidaten din til eirik@strilen.no innan 24. november klokka 12.00. Ta med ei kort grunngjeving.

Prisutdelinga i 2020 fann stad på Romarheim sitt kontor. På grunn av korona-situasjonen vart Nordhordland Awards avlyst. Her er konsernsjef Bente Lorentzen i Romarheim AS flankert av jurymedlemmene Eirik Langeland Fjeld (Strilen) og Baste Tveito (Nordhordland Næringslag).

Tidlegare vinnarar av «Årets bedrift» er:

2022: Kilstraumen brygge AS
2021: Romarheim AS
2019: PSW Group AS
2017: Skipavika Næringspark AS
2016: Norwegian Weather Protection AS
2015: Nesfossen Smolt AS
2014: Fours AS (Kolos)
2013: Mongstad tavleteknikk AS
2012: Johny Birkeland Transport AS
2011: Uni Micro AS
2010: TESS Vest AS
2009: Firda Sjøfarmer AS
2008: Hillesvåg Ullvarefabrikk AS
2007: Radøygruppen AS
2006: Mongstad Test og Inspeksjon AS (MTI)
2005: Statoil Mongstad
2004: Walde byggevare
2003: Mongstadbase AS
2002: Møbelutsalget Bjarne Foss AS
2001: FrekhaugVinduet AS
2000: Kvalfangarane på Fedje
1999: Mongstad Elekro AS
1998: Fedje Mekaniske Verksted AS
1997: Hydrobase Mongstad
1996: Wergeland Holding AS
1995: Frekhaug Stål AS
1994: Modelldata AS
1993: Radøy Mek. Verksted AS
1992: H. Gulbrandsøy AS
1991: Frank Mohn Flatøy AS
1990: Fjord Instruments AS
1989: Manger Fiskemat AS
1988: Georg Eknes Industrier AS
1987: Erstad Trevarefabrikk AS

Eirik Langeland Fjeld,
Strilen

Publisert: