Eg vil i dette innlegget peike på verdien av å ha eit levande Knarvik senter – eit senter som er mykje meir enn berre butikkar. Likevel er butikkane bærebjelken i senteret. Utan eit levande handlesenter, har me heller ikkje ein møtestad for kultur.

Allereie på 60-talet vart Knarvik peika ut som regionsenter for Nordhordland. Gjennom 40 år har Knarvik senter vakse fram. Planane for Knarvik er mange, ikkje minst i samband med utbyggingsplanar og den nye kommunen vår.

Som ivrig brukar av Knarvik senter, har eg vorte kjent med mange av dei som jobbar i butikkane der. Flotte folk som ønskjer å gjere ein god jobb for oss kundar kvar dag. Dette har gjeve resultat, fleire butikkar har fått prisar for god service m.a.

Enno fleire hadde heilt sikkert fortent det! Til trass for dette er fleire av dei tilsette uroa for senteret si framtid. Ei bekymring er all netthandelen.

Berre dei siste vekene kan me ramse opp fleire ulike arrangement i Knarvik senter - damenes aften , påskefrukost, minibondegard m.m . Alt dette sosiale treffpunkt i ein koseleg atmosfære! Her kan me treffe naboar og sambygdingar, slå av ein prat over ein kopp kaffi, eller berre sitje og sjå på folkelivet. Ikkje alle rundt oss har like stort nettverk, kanskje det er nettopp her me kan knyte nye kjennskap? Det er viktig å leggje merke til at det meste som går føre seg i Knarvik senter, er tilrettelagt for heile familien!

Knarvik er, og skal framleis vere ein levande og god tettstad å leve og bu i. Planar viser at det vil skje store endringar framover. Dersom me som innbyggjarar i Nordhordland er bevisste på å bruke tilboda i Knarvik senter, vil me få mykje på kjøpet. Me vil få eit levande regionsenter, ein sosial møtestad og gode butikkar som servar oss, og som gjev mange arbeidsplassar.

Mange av oss har nettopp starta yrkeskarrieren vår med arbeidsveke eller sommarjobb på butikk. Ei nyttig erfaring! Kor skal ungdommane våre få denne erfaringa dersom all handel skal gå føre seg på netthandel?

Me må saman sørgje for at Knarvik senter også i framtida, vert møteplassen for handel og kultur i Nordhordland!

Astrid Namtvedt Sylta, leiar i Alver Ap