Det har gått godt og vel fire månader sidan eg i eit brev vende meg til politimeisteren her vest, og ba om tiltak som kan setje operasjonssentralen i stand til å fortløpande svare på spørsmål frå media.

Førre gong eg skreiv om dette, i mai, so var det direkte utløyst av at operasjonssentralen ein dag hadde stengt for pressa i over åtte timar.

Sidan den gong har dette vorte heilt vanleg.

Mønsteret er slik:

1) Det skjer noko uventa - ein naudsituasjon (uver, flom, ras, større ulukke eller brann).

2) Politiet får det, naturleg nok, særs travelt. Det er jo tale om ei naudetat.

3) Informasjonsbehovet hjå ålmenta er stort.

4) Operasjonssentralen sender ut melding til pressa. I meldinga står det at politiet ikkje kan svare på spørsmål, og at det skal twitre om det som skjer.

Resultat:

Jo større informasjonsbehovet er, jo meir utilgjengeleg er politiet for å informere.

Om det er ikkje skjer noko stort, om nokre ungdomar har tusja på eit busskur - ja, då er det mykje meir truleg at politiet har tid til å ta telefonen når avisa ringjer.

Dette gjev to problem:

1) Ålmenta får ikkje god nok informasjon og kva som skjer, og kva politiet gjer. I verste fall kan dette gå på tryggleiken laus.

2) Det er politiet som fullt og heilt avgjer kva dei vil informe om, og når dei vil gjere det. Media si rolle som kontrollorgan er eliminert.

Det har alltid vore usemje mellom politiet og media om kor tilgjengeleg politiet skal vere for journalistane. Journalistane vil ha svar på alt - no! Eg forstår at det ikkje alltid kan vere slik vi i pressa vil ha det.

Men situasjonen har vorte dramatisk verre dei siste åra. Årsaka er ikkje at politiet har fått eit større ynskje om å gøyme seg for publikum. Årsaka ligg i systemet, og der har det skjedd to store endringar:

1) Politet har frå sommaren 2015 kommunisert via digitalt, lukka naudnett. Tidlegare fekk media ofte informasjon frå politiets sitt opne samband.

2) Hordaland politidistrikt vart i januar 2016 slege saman med Sogn og Fjordane politidistrikt til Vest politidistrikt. Hordaland politidistrikt dekkjer 30 kommunar. Vest politidistrikt dekkjer 54 kommunar. Arbeidsmengda og informasjonsbehovet har altså auka veldig.

Det heile er soga om ein varsla tystnad. Vi visste at dette ville verte eit problem. Politiet har hatt god tid til å førebu seg.

For å vere heilt ærleg er eg som redaktør litt rådvill. Korleis skal eg sikre at avisa får best mogleg informasjon om det politiet jobbar med - time for time?

Eg har vurdert å sette opp ei pengesum som går til den som gjev oss månadens beste tips om arbeidet til politiet. Tipshonorar er jo ikkje uvanleg i pressa, men no måtte kanskje summen vere so høg at og tilsette i etaten ville vurdere å tipse oss?

Eg har so langt falle ned på at det er ei ordning vi ikkje ynskjer oss. Pengar som motiv for å tipse er presseetisk problematisk, i alle fall om det er snakk om noko meir enn nokre hundrelappar.

Men det er heilt klårt at situasjonen slik han er i dag, ikkje er til å leve med.

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidsitrikt må sjå på dei systematiske sidene av saka.

Er han usikker på kva han skal gjere, bør han ta ein telefon til politidirektør Odd Reidar Humlegård. Problemet er nemleg like eins over heile landet.

Og, Kaare, gidd du svare på det brevet frå i mai?