Robek kan vere eit naudsynt vonde, men Robek er ikkje venen nokon i utgangspunktet håpar dei treng ha på besøk.

Når ein kommune har brukt for mykje pengar, når utgiftene har vore større enn inntektene over tid - då kjem Robek og bankar på døra.

Robek står for «Register om betinget godkjenning og kontroll». I dette registeret hamnar kommunar og fylkeskommunar som er i alvorleg økonomisk ubalanse.

Robek-kommunane vert sett under delvis administrasjon av Fylkesmannen. Dei må ha godkjenning frå Fylkesmannen, som i dette tilfellet er den forlenga armen til kommunal- og moderniseringsdepartementet, før dei tar opp lån eller inngår langsiktige leigeavtalar.

Det vert alltid kontrollert om vedtak om budsjettet er lovlege.

Det er dette regimet som ventar Austrheim no.

Meland kom seg ut av lista i 2014, og Osterøy i 2015. I dag er det ingen kommunar i Hordaland på lista, men Austrheim er altså på full fart inn.

Meland hadde vore nesten 13 år (2001–2014) på lista, og Osterøy over 10 år (2005–2015), då dei kom seg ut.

UNDERSKOT: Austrheim kommune må kutta for å betala tidlegare underskot. Foto: Arkiv

Å verte putta på Robek-lista er først og fremst eit signal om at noko ikkje er som det skal vere i kommuneøkonomien. Dernest er det ei tvangstrøye for politikarane og for byråkratane. Handlefridomen vert innsnevra.

Politikk handlar mellom anna om å velje, og difor er det lurt å skikke seg slik at ein ikkje kjem i økonomiklørne til Fylkesmannen.

For kommunar på Robek-lista vert det færre val å ta. Demokratiet og innbyggjarane vert taparane.

Ein kollega skreiv dette om Robek i Strilen i førre veke: «Å vera på Robek-lista er kommuneøkonomien sitt svar på TV3-serien Luksusfellen (...)».

Det er ei god beskriving. Og husk - få av oss, korkje privatpersonar, politikarar, rådmenn eller økonomisjefar, planlegg for å komme i økonomiske problem.

Vegen til hengemyra er ofte brulagd med gode formål og intensjonar. Når det kjem til kommunal økonomistyring er diverre ikkje lange lister av gode saker gyldig grunn til å trekke det kommunale kredittkortet i tide og utide.

I november i fjor var det 28 kommunar på Robek-lista totalt i landet. Det tyder at dei aller, aller fleste kommunane i Noreg klarar å styre økonomien slik at dei ikkje kjem på staten si fy-liste.

No må Austrheim rydde opp i feila frå i går, og sørgje for å verte herre i eige hus igjen. Ta akkurat denne jobben frå fylkesmann Lars Sponheim.

Det er betre å verte styrt frå Sætremarka enn frå Kaigaten.

Eirik Langeland Fjeld, redaktør, Strilen