Om avisa du held i nevane er dagsfersk, er dette fredag den 13. Det skal vera ein ulukkesdag, med ein kombinasjon av både fredag og talet 13. No veit eg ikkje korleis din dag har vore så langt, kanskje har du brent deg på morgonkaffien, eller fått ei grein i hovudet på veg ut i postkassen etter avisa.

Men mest sannsynleg er denne morgonen ganske lik alle andre morgonar. Og det er slett ikkje sikkert at du er meir utsett for noko uhell i dag, samanlikna med andre dagar. Forsikringsselskapet Tryg har faktisk gjort nokre undersøkingar rundt dette, og medan fredagar har høgare ulukkesfrekvens sidan det er vekeslutt og ekstra trafikk, så er det færre som bulkar når fredagen også er den trettande. Kanskje er folk rett og slett litt ekstra årvakne akkurat denne datoen, ser til høgre og venstre ein ekstra gong, og legg inn litt ekstra tryggleiksmargin til bilane rundt seg.

Talet 13 er ofte «hoppa over», anten det er som etasje på eit hotell eller seterad på eit fly. Men eigentleg er vel det berre juks. Om du har sete på rad nummer tretten rekna frå første rad og bakover, så er du faktisk på rad nummer tretten, sjølv om det står rad fjorten på billetten og på merket over setet. Og på eit fly er det vel uansett litt søkt å vera meir redd for å sitja på rad tretten eller dei andre radene. Flyskrekk må vel vera for heile flyet i seg sjølv, sidan det neppe skjer noko uføresett med berre ei rad i flyet.

I avisverda er det i alle fall lite overtru. Det ville blitt rimeleg kaos på trykkeriet om ein skulle hoppa over side tretten. Bak side tretten ville partalssider blitt høgresider, medan dei før tretten var venstresider. Det ville ikkje blitt 28, 32 eller 36 sider med Strilen, men 29, 33 eller 37. Det einaste måtte vera om ein då kunne hatt side tretten til å plassera eventuelle rettingar. Rett og sett dei på ei side som ikkje kom med i avisa.

Vår region har ikkje dei høgaste bygningane, men for brannvesenet er det sikkert best å halda på rett tal etasjar. Om ein brann skal sløkkast i den etasjen som ikkje finnest på skilta, men som er der når ein tel nedanfrå, er det moglegheiter for kaos og forvirring.

Kanskje ein rett og slett skal sjå på fredag den 13. som ein lukkedag. Dette er dagen då mange av dine medtrafikantar ser seg ekstra nøye om, og ikkje berre busar fram i trafikken. Og om ikkje anna, så har kaffien din kjølt seg ned til rett temperatur medan du har lese dette. Det er lukke berre det, kaffi med perfekt temperatur. På fredag den 13.