På mandag 3.juni er dei politiske partia i Alver invitert til Meland ungdomskule. FAU ( foreldre utvalet ) ynskjer dialog med oss og dei vil vise oss skulen og dei utfordringar skulebygget har. Eg helsar dette initiativet velkomen.

Skule - læring og trivsel heng saman, og det er viktig for ein kommune som Alver å ha gode skulebygg som inviterer til det viktigaste av alt nemleg læring.

Borna og dei unge er framtida vår, og det er for dei og komande generasjoner at vi no byggjer Alver kommune saman.

Alver KrF er opptatt av tenestetilbodet i Alver, og vi er opptatt av å gjere ein open og grundig jobb med dei investeringane som no ligg foran oss i den fyrste kommunestyreperioden i Alver.

Vi vil straks gå i gang i Alver kommune å planleggje ny ungdomskule slik at vi får dette på plass. For å kunne planleggje så er det viktig med samhandling og dialog mellom bla skuleadministrasjonen, foreldre gjennom FAU og SU, dei ansatte, tillitsvalde og lag og organisasjoner som også er opptatt av skule.

Dette har eg god erfaring med frå Lindås der vi har hatt fleire skuleprosjekt i eit godt og ope samarbeid.

Eg ser fram til møtet på mandag! Takk til FAU ved Meland ungdomskule for at de inviterer.

Astrid Aarhus Byrknes, ordførarkandidat i Alver KrF

– Dette skulebladet er frå 1970. Alt den gongen slo dei fast at deler av dagens skulebygg er utdatert, sa rektor Hilde Brendehaug Hugaas då ho besøkte kommunestyret. Til høgre på bildet står elevrådsleiar Birgitte Jordal. Foto: Anne-Lise Nordpoll