1. april-spøken har lange tradisjonar i norsk presse.

Eg har vore fan av denne tradisjonen so lenge eg har kunne lese. Kjempegøy med eit pustehol i alt alvoret - og like spanande kvart år å sjå om eg kunne avsløre spøkene i dei ulike media.

Men alt er ikkje som før. Avisene er under press. Sanninga er under press. Truverdet er viktigare kapital for avisa enn nokon gong.

I ei tid der alle kan vere sin eigen utgjevar, og der falske nyhende («fake news») har vorte heilt vanleg er det viktig for meg at vi gjer det vi kan for at Strilen skal framstå som ein seriøs og bunnsolid formidlar av lokale nyhende.

Lesaren skal kunne stole på alt som står i Strilen er sant.

I ei verd der trumpismen vinn fram, med sin lemfeldige omgang med fakta og fantasifulle syn på røynda, har det vorte endå viktigare enn før å vere tydeleg på kva som er kva i avisa.

1. aprilspøken i avisa var morosam av di han var ein leik med sjangrar. Saka var spøk som gav seg ut for å vere alvor. Det var vittig med ei oppdikta sak i avisa.

Spelet om sanninga er tøffare enn før. Samfunnet er i endring, og særskilt politikarar og media slit med truverdet.

No er heldigvis alle politikarane i vårt område skikkelege folk som ikke farer med lygn, og media avskyr «fake news». Det er langt frå Washington til Knarvik.

Likevel; noko er endra. Ein falsk nyhende i avisa er ikkje so morosamt lenger.

Alt til si tid. Tida for luresak i Strilen på 1. april er over. Men det var gøy so lenge det varte.

Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør