På bakgrunn av hovudoppslaget i NRK Hordaland si morgonsending, om skuleskyss, har eg lyst til å kome med nokre betraktningar. Saka gjeld skuleskyss der elevar står,  usikra,- og soleis utsett seg sjølv,- og kvarandre for den ytterste livsfåre.- No er ikkje mitt mandat som HVO å sikre elevane.- Men  som bestefar, lærar, hovudverneombod og samfunnsborgar  lar eg meg sjokkere av praksisen og innkonsekvensen i dette spørsmålet.

Inkonsekvent ved at denne praksisisen i det heile kan fortsette,- sjølv om alle som har noko med det VEIT at dette ikkje er bra.

Inkonsekvent fordi politiet gjev(og godt er det) einkvar dei knip utan setebelte 1500,- kr i gebyr, men tydelegvis lukker augene/eller ikkje har lovheimel, når det gjeld denne arenaen-

Innkonsekvent fordi praksisen fortset, jamvel om Vegvesenet  på sidene sine om setebelte,- skriv om konsekvensar ved kolisjon /bråstopp utan setebelte.- Ved 90 km/t, skriv dei,  tilsvarer dette eit fall på 32 meter.- Ingen overlever slikt. Dei fleste heller ikkje eit fall på 10 meter som tilsvarer 50 km/t,  eller 19 meter ved 70 km/t.- Alt dette er hastigheter vi veit våre usikra barn og lærarar  beveger seg i ved å ta skulebussen,-  ved ekskursjonar til t.d byen,- eller ein tur til symjehallen. For symjeopplæring er pålagt.

Som hovudverneombod ville eg straks stengt ein arbeidsplass med trygg heimel i AML, om våre tilsette skulle verte utsett for slik utilbørleg risiko og jamvel akutt livsfåre.- Og i den grad eg får melding om at lærarane i si arbeidstid må stå i buss, - kjem eg og til å gjere det ,i samarbeid med lokale VO.

For dette går rett og slett ikkje an.- Er det eit økonomisk spørsmål,- så pliktar politikarane å bevilge pengar,-eller sjå til korleis skuleskyss kan organiserast på anna måte.- Eg høyrde og SKYSS- ansvarleg  på morgonen,- som stort sett var ute etter å leggje ansvaret over på enkelt-eleven,- for at dei ikkje venta på neste buss,- dersom dei måtte stå. Ei uttale i uforstand,- fordi ein kvar som omgåes folk i noko grad, veit at slik tenkjer dei færraste.- Anten dei er elevar eller eldre vaksne.- Så lenge det ikkje er eksplisitt ulovleg å stå i bussen,- kjem dette til å fortsette.

Men,- som ansvarlege i Lindås kommune kan me ikkje lenger la dette  skje.- Dette er eit ansvar oppvekstsjef,- rådmann og ordførar må ta på høgste alvor,- og prøve finne ei løysing på.

I min lille del av verda kjem eg til å fylgje dette opp,-og som sagt, om eg får greie på det, nekte våre tilsette å utsette seg for denne livsfåra i arbeidstida.

På tide med diskusjon ,- og stopp av livfarleg praksis.

Håvard Giezendanner,

HVO, Lindås kommune