Det var med stor overrasking at vi mottok informasjon vedrørande budsjettframlegget for 2019. Ein skral kommuneøkonomi med potensielt store konsekvensar for våre barn, vårt nærmiljø og buvilkår for øvrig.

Ja, vi valte å busette oss i ein av Norges framste vekstkommunar. Vi valte å bo i eit hyggeleg og oversiktleg nabolag, der Vestbygd skule ligg sentralt plassert. Vi ynskjer at våre barn skal vekse opp i eit trygt boligområde med frisk luft og langt frå storbymaset.

Underforstått oppfatta vi at Meland kommune ynskte oss hjarteleg velkomne til eit ‘liv på landet’. Så tok det altså slutt, i våre tankar, den 1.november 2018. På økonomien si kappe skal vi ofrast. Vi, og mange med oss, opplever det som å bli dolka i ryggen. Engasjementet er stort blant folket i Meland. Dette betyr så mykje meir enn berre eit budsjett som skal i balanse. For oss! Vi som bor her! For oss som valte annleis, og som valte oss bort frå sentralisering.

Vestbygd skule

Vi er glad i skulen vår. Arena for læring, venskap, naboskap, fritidsaktivitetar og utvikling. Lærarane er engasjerte, interesserte og ‘med auge’ for den einskilde elev. Det er vilje og kunnskap. Vi er trygge på at skulen ynskjer barna våre vel. For barna i Vestbygd krins, er skuleområdet også ein stor del av fritida. Her er dei frå dei er små barn, spente førsteklassingar og fram til dei blir tenåringar. Det er trygt. Barna leker på tvers av aldersgrupper, noko som medfører at dei i stor grad tek vare på kvarandre. Elevundersøkingar ved skulen viser at det er høg trivselsfaktor og liten grad av mobbing. Slikt kjem ikkje gratis, det er eit resultat av mellom anna eit lite og oversiktleg nærmiljø der ein kjenner kvarandre.

Rossland skule

Det er 8 km mellom Vestbygd og Rossland. I budsjett blir det fremlagt tiltak som å flytte ungdomstrinnet til Meland Ungdomsskule, 5-7. klasse frå Vestbygd skal sammenslås til ‘storklassar’ med Rosslandelevane – og vidare er det foreslått at SFO-barna ved Rossland skal flyttast til Vestbygd. Det betyr skulebuss for barna våre frå Vestbygd tre skuleår tidlegare enn dei må pr. i dag. Tre år som betyr mykje i utvikling hjå barn. Vi antar også at det kan bety omfattande endringar i timeplanen for 1. til 4. klasse ved begge skulane. Det vil også ha betydning for barna som i dag kanskje ikkje nyttar SFO, ettersom dei gjerne har eldre søsken ved same skule. Vi oppfattar Rossland som ein ungdomskule der våre barn stortrivast. Det er eit godt miljø blant ungdommane. Det vert brukt ressursar på at elevane frå dei to skulene skal bli kjent med kvarandre i overgangen til ungdomstrinnet. Overgangar er sårbare situasjonar for barn og ungdom.

Meland ungdomskule

Meland ungdomsskule ser ut til å vere belasta med høgt elevtal alt i dag. Det vert foreslått at det skal settast opp brakker for å oppfylle arealnormen. Vi fryktar at det kan gå utover uteområdet ved skulen. Skulen manglar også gymsal pr. i dag. Det kjem tidvis fram i avisene at det kan vere eit noko mer uoversiktleg ungdomsmiljø rundt Frekhaug og ungdomskulen.

Infrastruktur

Vegane i Meland er dårlegare og smalare dess lenger ut på øya ein kjem. Vegen frå Fløksand til Vikebø er smal, mørk og er tenkt utbygd i åra som kjem. Det er pr. i dag byggeforbod ved Fløksand på grunn av vegstandard. Korleis vil trafikktryggleiken ivaretakast for skulebussane? Har ein tenkt på at det også kan bli ei auke i privatbilisme? Tidsperspektiv til Alver storkommune 2020 Vi går utifrå at samanslåing av kommunane i 2020 vil medføre endringar også i skulestrukturen. Vi veit at det er planlagt ein ny ungdomsskule på Frekhaug. Endringar for barn og oppvekstvilkåra deira bør skje over tid. Barn og ungdom treng tid til omstilling. Ei eventuell endring i skulestrukturen allereie frå 01.08.19 vil ikkje gi barna nok tid. Dersom budsjettet likevel blir vedtatt med dei forslag til endringar som føreligger i dag, ber vi om at det settast av nok ressursar til elevane i omstilling.

FAU ved Vestbygd skule

FAU ved Vestbygd skule meiner at det kan være positivt for nokon, men negativt for andre med miljøskiftet som grunnskule på 3 ulike skuler inneber. Vi synest det er vanskeleg å uttale oss om kva som er barnas beste på kort og lang sikt. Vi viser til at Melandelevar kjem godt ut på karakterscore samanlikna med andre skular i omkringliggande kommunar. Vi reknar med det kan skyldast oversiktlege læremiljø, med engasjerte lærere som har moglegheit til å sjå enkeltelevane som følge av mindre klassar. Vi er trygge på at politikarane vil ivareta våre elevar ved alle skulane i kommunen etter beste evne. Vi håper at politikarane ser moglegheitene som ligg i desentralisert busetnad, og det potensielle trugsmålet det er å endre skulestrukturen. Parallelt med øvrige vedtak i kommunen, som innføring av bompengar, fryktar vi med dette at Meland kan bli ein fråflyttingskommune heller enn ein vekstkommune. Noko som igjen vil kunne generere dårlegare kommuneøkonomi og nedleggingar. Vi vil med dette difor gje tydeleg uttrykk for at skulestrukturen bør vere slik den er, og at eventuelle endringar skjer langsamt og eventuelt i forbindelse med storkommunen Alver.