Sjå Skyss sitt svar nedst i saka.

Den 31.07.18 var Hanne Alver Krum frå Skyss i morgonsendinga til NRK Hordaland og gjorde greie for det nye takstsonesystemet i Hordaland og bruk av Skyssapp til å kjøpa billettar. Det vart peika på at dette å innføra ei sone som omhandar store delar av Hordaland med Bergen vil væra eit stort framskritt for pendlarar. Det er det sikkert, men også vi som ikkje pendlar og som er pensjonistar, men reiser med buss av og til, ser fram til å kunna reisa lengre strekningar for kr. 19.

Det nye systemet har vore omtala i lokalavisene fleire gonger.

I ein artikkel i Strilen.no, publisert den 20. okt.2017, "Nye takstsoner frå August 2018" står det at det skal kosta det same å reisa frå Austrheim til Sotra som det i dag kostar å ta bussen i sone  Bergen.

I BA.no nyleg, den  25.juli 2018 er det og ein artikkel om det nye systemet:

"Store endringer for mange fra og med neste uke: Slik blir kollektiv-fylket"

Der står det at "snart vi det koste 37 kroner å reise fra Os til Austrheim".

Etter det Hanne Alver Krum sa i morgonsendinga fell desse påstandane i grus. Det vart sagt at biletten ein kjøper gjeld 90 minutt, og ein som vart intervjua sa at dette ikke er tilstrekkeleg for å reise fra Austrheim til Bergen på ein billett, langt mindre til Sotra eller til Os såvidt eg har forstått. Billetten gjeld 30 minutt ekstra ved sonepassering, men det er ikkje sonepassering mellom Austrheim og Os. Det er det berre viss ein skal til Samnanger, Fusa eller Austevoll.

For meg ser det ut som mange reiser frå Nordhordland til Bergen ligg og balanserer på grensa til 90 min, litt over eller litt under, og dessutan litt avhengig av kor tid på dagen eller kor mange overgangar ein treng. Litt tilfeldig altså kva det vil kosta å reisa til Bergen?

Eg har brukt Skyssappen ein del til å kjøpa billett i sone Bergen. Då er det slik at billetten må aktiviserast før ein går ombord i bussen. Billetten gjeld i 90 minuttar, og ein kan skifta buss så lenge ein vil i desse 90 minuttane. Eg har og ein gong ringt til Skyss for å spørja om det er nok å gå ombord i bussen innan 90 minuttar. Eg fekk til svar at biletten gjeld til du er framme. Dette meiner eg også å ha lese i ei avis i det siste, men korleis skal ein bevisa ovanfor ein eventuell kontrollør at ein gjekk ombord før tida var ute er eit anna spørsmål.

Av Skyss sin reiseplanleggjar ser eg at buss frå Sævrøy fergekai kl 08:00 til Bergen no tek 2 timar og 50 min. Når dei første 90 minuttane har gått er bussen mellom Furuberget og Vatne. Må ein sitja med appen klar til å kjøpa ny billett mens bussen er i fart, eller gjeld billetten til ein har kome til Knarvik? Kva med dei som brukar Skysskort, må dei reisa seg undervegs og presentera kortet på nytt?

Når dei nye rutene trer i kraft 16. august ser det ut som same reisa tek 2 timar og 13 minutt. Bussen er i Knarvik kl 09:27, 3 minutt før billetten utgår.

Buss vidare til Bergen går kl 09:30. Må ein kjøpa ny billett då, eller er det greit når ein får lov å sleppa inn på bussen 1 minutt før han kjører?

Av Ruteplanleggjaren ser det ut som at ei reise frå Manger senter kl 08:26 til Bergen Busstasjon tek 1 time og 39 minutt, altså 9 minuttar over tilmålt tid. Når 90 minuttar har gått skal bussen væra mellom Torget og Olav Kyrresgate. Kan ein få lov å sitja på med bussen heilt til Busstasjonen for same prisen?

Etter omlegging til nye ruter frå 16. august, der bussane skal gå gjenom Fløyfjellstunnellen,  tek same reisa frå1 time og 18 minutt og opp til 1 time og 36 minutt. Korleis skal Skyss handtera at på enkelte avgangar frå Manger rekk ein billett heilt fram, andre gonger må ein ha 2 billettar?

Desse spørsmåla vert kanskje oppfatta som kverulantiske, men dei er alvorleg meint då eg saknar presisering av kva praksis ein vil følgja.

Eg oppfordar Skyss til å klarleggja korleis 90-minuttarsregelen skal praktiserast og korleis ein forheld seg til billettkjøp for reiser over 90 minutt innan same sone

Skyss svarer

Pressekontakt i Skyss Ingrid Dreyer svarer følgande på innlegget:

Billetten må vere gyldig idet du stig på. Det er berre dersom du skal byte buss undervegs, og billetten då er gått ut, at du må kjøpe ein ny. På såpass lange reiser vil det sjølv med to billettar i mange høve likevel bli billegare enn det var før.

Skal du reise tur-retur same dag på slike lange strekningar med bussbyte etter at det er gått 90 minutt, kan vi tilrå å kjøpe 24-timarsbillett, som for ei sone kostar 95 kroner. Om du reiser oftare, kan det vere lurt å sjekke prisen på periodebillett 7, 30 eller 180 dagar.

Vi tilrår alle å kikke på https://skyss.no/7soner, der alt som gjeld nye soner og prisar er forklart.